Treningsnerd i byen II

Lørdag 6. mars: 

Bror min står bak og hermar. Han er litt sånn.

Bror min står bak og hermar. Han er litt sånn.

Betydelig oppløfta av gårsdagens suksess med skitur mens dei andre gjekk på fest, slo eg til igjen. Reiste ut til Sotra og vitja bror min og nokre andre vener, som tok meg med på Spjeldsfjellet ved Ågotnes. Vi gjekk på fjellski i laussnø. Eg har gått der tidlegare, og kunne ikkje skjøne korleis vi skulle komme oss opp dei brattaste kneikane. Svaret var: Rett opp, sjølvsagt.

Eg var og litt bekymra for korleis vi skulle komme oss ned. Svaret var: Med tuppane først. Det gjekk no bra, det og.

Vel oppe ba eg venen min Einar om å ta nokre fine bilder av meg. Han gjorde nok så godt han kunne.

Eg legg bildet rett inn som vi vart einige om, OleJ. Helsing Einar

Fint bilde, Einar. Tusen takk. Fekk ikkje med meg at du tok det, men eg ser du var våken då det gjaldt.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *