Treningsnerd på bytur

Fredag 5. mars: Eg er på tur til UKEN på NHH i Bergen. Æresgjest, ettersom eg sat i UKEstyret ein gong i tida. Men mens dei andre UKEpampane sit på Bølgen & Moi og drikk rødvin og fortel gamle tullehistorier, kor finn du meg?

Jau, eg hadde skia med meg. Budde hos ein kompis som bur rett nedanfor Skansen brannstasjon, og fann ut at eg skulle ta meg ein tur i løypenettet på Fløyen. Gjekk opp til Fjellveien stasjon (på Fløybanen) for å ta bana opp. Men så var det 25 minutt til ho gjekk. Og då tenkte eg: Her står du, og skal ut og mosjonere, og så skal du bli ståande i 25 minutt og fryse for å vente på ei bane? Gå!

På Fløyens topp. (Foto: ein engelsk turist eg traff)

På Fløyens topp. (Foto: ein engelsk turist eg traff)

Så eg gjekk. Og eg gjekk og eg gjekk. Frå Skansemyren var det skiføre, så eg spente på meg skia. Lilla voks var perfekt. Der. Men ikkje 50 høgdemeter lenger oppe. Der var det litt kaldare, skiene klabba, og til slutt gjekk eg nesten på stylter. 40 minutt brukte eg, og på toppen traff eg eit engelsk par som var så venlege å ta dette bildet av meg. Men då eg skulle skrive mailadressa mi på eit ark, tok blodsukkerskjelven meg så hardt at eg greidde rett og slett ikkje skrive navnet mitt.

Så dei sende meg bildet på SMS. Og det er no eit fint bilde…

Det blir litt kjekkare å stå i aulaen og synge gamle studentersangar, når du har ei god treningsøkt i kroppen….[transcoded id=76]

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *