Foto: Einar Espeland. Torill Malmin og Johan Mihle Laugaland var med og kasta glans over lagbildet. Totalt blir me 24 frå NRK Rogaland.
Tenk deg Viking-spelarne utan like draktar i ein kamp? Det går bare ikkje. Alt hadde blitt kaos og rot. Så det seier seg sjøl at NRK Rogaland må ha lagdraktar når me skal vera med i Nordsjørittet.
Me har venta lenge. Men i dag var dei endeleg på plass, trøyene som levnar liten tvil om kven me representerer. Det styrkar lagfølelsen. Motbakkane blir lettare etter dette. Det er eg sikker på.
Stilige! Dette blir bra 🙂
Må bare understreke at benplaggene ikke er en del av drakten…. vi stiller i sykkelbukser!
Du ser ut til å være klar for eit profflag snart, John Gunnar! Du og Edvald..two of a kind…? 😉
Hehe, eg har ikkje tenkt sånn på det, Elin! Men eg skal melda meg på Tour de France nå. Heilt klart! 🙂
Hils Karine og si at her ligger det draktbytte i lufta etter målgang 🙂 13 juni. Slit dem, de var stilige.
Da må du vente lenge, Ketil! Det blir vel et halvt døgn mellom din og min målpassering…. 😉