The Wrestler…

05032009183.jpg

Eg reknar med at eg er like muskuløs som Mickey Rourke i The Wrestler snart. I løpet av neste veke er nok det meste på plass, hehe. Vel, det er ikkje målet akkurat. Spesielt vakkert er det heller ikkje, spør du meg. Men denne veka har det uansett blitt eit par økter i treningsrommet til NRK Rogaland. Litt styrke og ein del sykling etter jobb.

Dessutan har saka som sende sjokkbølger gjennnom sykkelnorge funne si løysing. Dei nye pedalane på sykkelen er på plass! Ein skikkeleg skiftenøkkel var det som skulle til. Det ser ikkje så lovande ut værmessig, men eg har ein ambisjon om å ta meg ein lenger tur utandørs i helga. Og så satsar me på at Karine sin idrettsskade er lega i løpet av helga. Ha ei fin helg!

Dette innlegget ble publisert i John Gunnar. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *