Tirsdag er fotballdag. Me er ein gjeng som trener ein times tid i gymsalen på Våland skole. Har ingenting med Nordsjørittet å gjera, men trening er nå trening. Og det er viktig å vera allsidig i så måte, har eg lært.Og i dag var det suksess.
Me var fire lag. Tre spelarar på kvart lag (+ evt. innbyttarar viss me er mange). Kampane varer i tre minutt og vinnaren står, men maksimalt i tre kampar på rad. Dermed blir det bra rotasjon. Laget «mitt» tapte ikkje ein einaste kamp i dag. Me begynner å bli samkjørte. Kjenner rollene våre.
Eg for min del speler på det enkle. Fotballen gjekk ikkje glipp av noe stort då eg la opp som juniorspelar på Sola. Etter dét har det blitt sporadisk bedriftsfotball – og den er bedre enn sitt rykte.