Karen Helga og kjaerleiken

For halvtanna aar sidan. Kloke auge og gode samtalar. Ein raa latter og det store smilet. Kva er kjaerleik? Leik og glede. Truskap over tid. Lang tid. Og ikkje minst naivitet. AA vere naiv er aa sleppe skepsisen. AA vere naiv er aa tru paa at ein held ut med kvarandre. Glede, truskap og naivitet. Kort sagt kjaerleik.

Eg har reist ein del i utlandet utan aa trenge norsk ambassade. Men no har eg vorte «innkalla» til frukostmoete med Jarlsbergost. Vi vart samde om nytt moete klokka fire paa morgonen maandag norsk tid. Paa ambassaden. Det er alvor! Eg kjoeper meg ny skjorte og tek paa sokkar i sandalane. Kostar paa meg ein japansk haarklipp. Eg er klar!  

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til Karen Helga og kjaerleiken

  1. Astrid Kalstveit sier:

    KJære Karen Helga og Hans Jakob
    Så glad på dykkar vegne og alt godt for dagen og tida framover.
    Lev kjærleiken !
    Gled oss med dykk frå Haukeland universitetsjukehus, men i dag er eg klar for heimreis etter fyrste dose anna «gift». I godt slag eg, men det kan visst kome noko dykk dagane framover- men det er då og ikkje nå, for nå er eg i våryre Bergen by.
    Glad i dokke og stor klem frå Astrid og Knut

    Ps Skal sei det til Pippi i kveld

  2. Aud Hanna Indrebø sier:

    Kjære Karen og Hans Jakob

    Gratulerer så mykje med dagen. Så flott at de gjer det i Japan – så riktig for deg Karen! Vi ønskjer lukke til med framtida. Varme helsingar frå Aud Hanna og Ole John <3

  3. hans jakob sier:

    Takk for helsing alle fire! (fem inkludert Pippi)

    Til Astrid: God betring. Tenkjer paa deg! Kan du gi eit pip paa hansjakobreite@hotmail.com om kva e-post du er paa no. Det leverer ikkje japsane ut for eit godt ord og/eller norske kroner!

    hj

  4. Atle Hamar sier:

    Ja, til lukke begge to. Den eine god kollega frå FLK 1990-1992, og den andre god granne i mange år.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *