…….kanskje ein dag i Bankok?

Tidleg morgon i Nairobi. Skal sjekke inn for Tokya, og ha ei natt i Kina paa vegen. Smilet hennar vert litt stivare. Du har booka paa eit fly som vart teke av planen for ein maanad sidan … Du har ikkje faatt beskjed????? Flyselskapet sin feil. Smilet paa plass att. Ho hiv seg paa tastane. Kva med aa kutte ei natt i Kina, og i staden faa ein dag i Bankok? Nesten ikkje forsinka til Japan!

Ho smiler. Eg nikkar. Ho arrangerer daghotell paa fem stjerner. Vi badar i luksus. Alt inkludert ….nesten. Nei, ikkje alt. Dei norske misjonaerane har sett sine spor i Afrika. Alt som er synd skal koste dyrt. Baade so og so. Saa no loggar eg av nettet, og svevar inn paa til gratis luxuslunsj. Eg les paa papiret mitt at her er alt gratis med tre unnatak: brennevin, sigarar og ……. INTERNETT!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til …….kanskje ein dag i Bankok?

  1. Astrid Kalstveit sier:

    Heia vener
    Moro å lese om både det eine og hitt og eg har vore fråverande ei stund.
    God tur til Japan. Måtte hell og glede følgje dykk.
    Pippi er rar og helsar dykk båe.
    Ein katt med godt vit har me fått i hus- men ho set seg på bordet og let so ingen ting.
    Fyrste vårdag i dag for meg og fullmånen lyser som var den av glas.
    Klem og kos frå Astrid

  2. hans jakob sier:

    FULLMAANE i Tokyo ogsaa

  3. hans jakob sier:

    Hei Astrid!
    Koss gaar det?
    Kan du sende meg ein e-post direkte til hansjakobreite@hotmail.com ?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *