Gamle-troeya og ryggsekken

Madrid. Dei fleste norske interrailturar endar paa Oslo S. Vaar endar i Madrid. Interrail utgaaatt paa dato. I gaar. For oss er det «just the beginning» som det heiter paa Obahma-TV. Interrail er ei krevjande form. Faa kviledagar viss ein vil rekke over. Vi har masse inntrykk aa fordoye. I morgon grytidleg gaar flyet til Soer-Afrika. Der har vi leigd eit hus paa landet for 14 dagar. Vi treng det.

Aaa reise verda rundt er sloesing med pengar. Men paa nokre smaa plassar sparar eg. Eg drog i den eldgamle vintertroya som skulle hivast likevel. Etter mange aar i skapet til den «noeysomme» kom ho fram att, og fekk vere med paa tur. Men no er det slutt. Gamletroeya og vinterhuva «gaar vest» i kveld. Saman med ei holete brok og alt anna vi ikkje treng.

Utruleg kor lite vi kan greie oss med, tenkjer vi. Det skal renskast ut i kveld. Vi har med for mykje, og no er det sommar i soer……… Eg saag paa det i dag tidleg. To personar. To litt store ryggsekkar. To litt smaa ryggsekkar og eit kamera laust. Alt vi treng. Dette er verda vaar no. Lite som skulle ha vore gjort. Sekkane og ionnhaldet der er det trygge. Fokus paa dei faa viktige tinga.

I gaar kveld i rush paa Madrid-metroen vart eg utsett for lommetjuvar. Tre mann i spann. Ein hyggeleg pratande. Ein gjekk «i kroppen» paa meg og forsterka trengselen, medan den tredje hadde ein finger paa veg mot det som er «viktigast». Men den som skal stele fraa ein gjerrig sunnmoering maa staa tidlegare opp……. Likevel ein laerepenge. Eg tok eit enno fastare grep om det «viktigaste», og dei tre loeyste seg opp i luft.

Kva er viktigast paa tur? Helsa! Og humoeret! Og vi har halde paa begge desse, sjoelv om Karen Helga har harka litt. Alt i ryggsekkane er kjekt aa ha, men ikkje viktig. Lommetjuvane i gaar kveld var paa veg til det «viktigaste» …….. PLASTKORT OG PASS!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Gamle-troeya og ryggsekken

  1. Birte sier:

    kribl i magen!!! har ikkje lese bloggen før no, so fekk hiele interrailmnd i eitt, favoritten er filmskaparen, kardinalen og ei natt i Nice – berre på tur!

    kos dåke vidare, klemklem

  2. Astrid K. sier:

    Kjøp deg ein fargerik kjortel m/brok i Afrika.Der e så masse fine sånne.
    Me får snø nå – littevetta og fint eller mykje bar bakke og kaldt.
    Pass på penga – godt du er obs!
    Kjekt med blogg og gler meg til meir – håpar nettet virkar over there.
    Klem frå Liavegen og Pippi

  3. hans jakob sier:

    Hei Birte og Astrid!
    Kjekt med litt tilbakemeldingar fraa Bergen og Foerde. Vi er kjem nett fraa stranda no. Blogg vert lagt ut.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *