Nesten halve distansen

Fekk meg ein fin tur i føremiddag/ettermiddag. Løypa gjekk frå Våland over Ullandhaug, vidare til Sola, Tananger, Kvernavigå, Randaberg, Tasta, Eiganes og tilbake til Våland. Totalt ca. 40 kilometer. Det nærmar seg halve nordsjørittdistansen. Eg veit det, for eg måtte skaffa meg ny sykkelcomputer. Vel, eg måtte jo ikkje, men sånn blei det når den gamle sa takk for seg. Denne gongen er det ein trådlaus variant. Funkar i alle fall bra så langt.

Det er godt å merka at det går lettare og lettare. Eg er ikkje er totalt vrak når eg er heime igjen. Kunne faktisk sykla mye lenger i dag, men ein lørdag består jo av meir enn sykling. Liverpool skal som kjent slå United. I tillegg er det familiebesøk i ettermiddag. God helg til alle!

Dette innlegget ble publisert i John Gunnar. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *