Det er nå det begynner

nordsjorittliw_001_1.jpg

Foto: Lars Idar Waage, Stavanger Aftenblad

– Vil du vera med i Nordsjørittet, John Gunnar? spurte Karine meg i januar. Eg måtte tenka på det, men svarte til slutt ja. Og dét er eg glad for i dag.

Eg visste ærleg talt ikkje heilt kva Nordsjørittet var då eg blei spurt. Det har si naturlege forklaring i at eg budde i Bergen i 15 år – heilt fram til i haust. Og ikkje hadde eg sykla så mye dei siste 15 åra heller. I januar var eg med andre ord ikkje i stand til å sykla så langt. Såpass visste eg.

Men eg tenkte som så at det er ein god måte å komma i betre form på. Tvinga meg sjøl ut. Så det endte med at eg sa ja og melde meg på NRK-laget.  Etter det har det blitt mange timar på sykkelsetet. Eg har ikkje angra eitt sekund.

Det er godt å gjennomføra noe som følest i overkant ambisiøst.  Formen var ikkje så mye å skryta av i vinter, men han har blitt gradvis betre utover våren. Og til slutt god nok til å klara dei 91 kilometrane. Det var målet. Neste år skal eg sykla fortare. Eg gleder meg alt nå til Nordsjørittet 2010!

Takk til Lars Idar Waage i Stavanger Aftenblad, som foreviga meg i eit slitent øyeblikk ved Frøylandsvatnet.

Dette innlegget ble publisert i John Gunnar. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Det er nå det begynner

  1. Tilbaketråkk: larsidar’s blogg » Nordsjørittet – Jærens vakreste eventyr?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *