Human jakt på Kongshaug

Bilde678Ann Kristin Flatland tok hagla med på Kongshaug i Vik. Den fekk ho ikkje mykje bruk for:

– Er det greitt at vi ikkje går på Rambera? sa Ann Kristin på telefonen dagen før.  (Rambera er kongefjellet i Vik, og eg hadde no nemnt på om vi skulle gå der.)

– Det blir berre så uhorveleg langt, og eg er ikkje så kjend der. Kan vi ikkje heller gå på Kongshaug på Vangsnes, det er treningsløypa mi, og der gjekk vi og låg i telt då eg var liten.

– Heilt fint, sa eg.

– Er det OK om eg tar med hagla? sa Ann Kristin då eg kom til Vangsnes.

– Heilt kjempefint, sa eg.

– Kan eg ta med hunden og, kanskje? Sa Ann Kristin.

– Eg likar hundar, eg, sa eg. Og «Kira», ein praktfull Gordon setter,  hoppa inn i bilen.

– Skal vi kanskje heller dra til Feios, og gå den vegen opp? Der har vi nemleg jaktrett, sa Ann Kristin. 

– Jaktrett er no det beste, om ein skal gå på jakt, sa eg. Så slik vart det.

– Her pleiar eg gå på rulleski når eg trenar her heime, sa AK på vegen inn til Feios. – Og så spring eg opp til Kongshaug og heim att. Det er ein fin tur. Tek tre timar. Ann Kristin trenar 15 til 20 timar i veka. To økter for dag. 80 % av det på lav intensitet, det vil seie under puls 135 (makspuls 195), resten jamnt fordelt på intervall og styrketrening.  Såpass må det være, skal ein komme på landslaget i skiskyting.

Vi køyrer opp i den vidunderleg vakre dalen som går opp frå Feios og langt inn i det grøne, frodige landskapet der folk lever som dei gjorde for tretti år sidan og sikkert også i urtida, finn garden som bestemor til AK budde på så lenge ho levde,  parkerer bilen, og Ann Kristin tilbyr seg å ta sekken min. Vi finn ut at det er nok det mest effektive. Eg hiv oppi litertermosen med kaffi som eg eigentleg syntes var for tung å ta med. Skulle kanskje hatt ti kilo stein oppi og.  

Vi begynner på ein lang, lang, lang grusveg som går så langt inn i ur-landskapet at eg tenker litt på Stanley og Dr. Livingstone. Så langt frå ein vidaregåande skule (som eg ser som eit teikn på sivilisasjon) har eg kanskje aldri vore før .

– Her brukar eg å trene motbakke-intervall, seier Ann Kristin. – Seks ganger fire minutt.

– Då kjem eg omtrent hit, seier ho omlag ein time seinare, og så slepp ho hunden, legg i patroner og begynner å stige på. No begynner alvoret. Eg smett inn eit ja og av og til eit ha, mens Ann Kristin fortel om korleis det er å bu i Rogaland (sambuaren kjem derfrå), korleis det er på landslagssamling (berre regn), kva som er gale med hunden (altfor ivrig), kor gode skoa hennar er (veldig gode), kor fint det er her (veldig fint) og av og til lurar på om ho kanskje no er komen inn i det terrenget der ho har jaktrett.

Og fint er det. Terrenget frå Feios til Kongshaug er heilt uvant for ein sunnfjording. Lange, vidstrakte sletter med spreidd fjellbjørk i haustfargar, drøssevis av småvatn og tjørner som glitrar i solskinet, langstrakte drag, og midt i terrenget tronar Kongshaug, 857 moh.

– Skal vi ta oss litt mat? seier eg etter to timar strisvetting.

– Jajamenn, seier Ann Kristin. – Oioi! Såg du hjortane? seier Ann Kristin. Og eg gjorde det. Ei kolle og ein kalv som la ut i fullt firsprang tre hundre meter lenger borte. Det var det ei til som såg: Kira. Ho fyk etter, som ein vind.

– Nei, skulle du ha sett. Det var ikkje bra. Trur jammen eg må springe etter ho, seier Ann Kristin, og så legg ho til palings ho og, skal springe inn ein fuglehund på jakt etter to hjortar. Lukke til, tenker eg. Fem minutt etterpå kjem ho tilbake med hunden.  Ho er ikkje svett ein gong.

På veg opp til Kongshaug rundar vi innom ein malerisk støl (og her snakkar vi Tidemand og Gude), og så set AK inn eit rykk. Eg heng på det eg klarer (latterlig), men ho knuser meg.  Sveitten haglar då eg kjem på toppen.

– Kan du ta eit bilde av meg, seier eg.

– Viss du klatrar opp på varden så, seier Ann Kristin.

– Nei, det gjer eg ikkje, seier eg. – Tenk om han rasar ut.

– Pøh. Den rasar aldri ut, seier Ann Kristin.

 – Men er det ikkje litt respektlaust? seier eg.

– Eg skal aldri seie det til nokon, seier Ann Kristin.

Så då blir det slik.

Plutselig oppdagar vi at hunden har lagt av garde etter eitt eller anna levande nedover rabbane. Han er så langt nede og så langt vekke at han er nesten berre som ein svart liten prikk langt der nede. Ann Kristin spring og hentar han.  Ho gjer det like lett som eg går og hentar noko på loftet. Kanskje litt lettare.

– Her er Kallbakk, her er det veldig fint, seier Ann Kristin på vegen ned. Og det er det. – Her har dei bygd ein traktorveg og det er ikkje så fint, men det gjer at ein som er lam frå livet og ned kjem seg opp her, og det er jo veldig fint, så vi får vel seie at alt i alt er det fint, sjølv om det ikkje er så vakkert, seier Ann Kristin. Og alt dette er eg hjartans einig i. – Og her ligg Høgre-tjønna, og den er i alle fall veldig fin, for her har eg vore på telttur med familien og to familiar til, og er ikkje det fint, så veit ikkje eg, seier Ann Kristin. Og det veit ikkje eg heller.

Så kjem vi inn på ein grusveg, og den er veldig lang og veldig kjedelig, og då seier Ann Kristin: – Nei, dette er jo berre ein lang og kjedeleg grusveg. Skal vi ikkje berre ringe til pappa og be han hente oss?  Så det gjer vi, og det gjer han, og før eg veit ordet av det, så står eg åleine på ferjekaien i bilen min, med søkkvåte sko og søkkvåte sokkar og fire (4!) trøyer som eg har sveitta søkk våte, og lurar på kor dagen vart av. Ho er eit fyrverkeri, ho der Ann Kristin, du.  

Men ryper såg vi ikkje. Ikkje ei einaste ei. Veldig human jakt. Og Kongshaug er eit overraskande vakkert fjell. Veldig utypisk Sogn og Fjordane, men vakkert for det. Kor merkeleg det enn kan høyrest ut.

 Bilder frå turen finn du her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Human jakt på Kongshaug

  1. John Sigurd Nygard sier:

    Det er eit flott område og gå på tur i der bileta er ifrå denne gongen. Gjekk ein tur gjennom Vangsnesmarki i august 2003. Starta frå Fosse i Vik og tusla oppover grusvegen om Tenoldslii – Nysel – Varpe til Skorge. Så var det berre og traska på stiar nordover forbi Nyastøl – Kongsvatnet med Kongslii – forbi på austsida av Kongshaug – Kallbakkstølen – Kleivadalen – Høgretjørni – Gostøl til Trona-feltet oppføre Vangsnes, siste stykket på grusveg. Det meste av turen går i storvaksen fjellskog, men ved Kallbakk er det ope og fritt, med utsyn mot fleire brear på nordsida av Sognefjorden, samt staselege fjell i Vik, Balestrand og Leikanger, og innover fjorden mot Jotunheimen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *