Angst og bratte bakkar

Bilde714Kortaste vegen på Gråberget er ein forferdeleg tur.  Men toppen er fin.

Eg vart advart: – Det er litt tøft og sånn. Og ganske bratt, altså. Og så er det et par litt stygge plassar der. Det e kje noe særlig viss du har høydeskrekk, altså. En kamerat av meg måtte krype på alle fire, sa Jarle Berge til meg på telefonen.

– Pyttsan, sa eg.  DET VAR VELDIG DUMT SAGT.

Men du ber vel kanskje om bråk, når du ber ein trappeløp-rekordhaldar med Himalaya-erfaring om å vise deg vegen på Gråberget. Det kunne jo ikkje gå bra, det.

– Vi skal opp her, seier Jarle då vi møtes i Høyanger klokka elleve om formiddagen.  Eg trur han tullar. Opp fjellsida til høgre like før opningen i Høyanger-tunnelen? Eg ser oppover den stupbratte fjellsida, anslår stigningen til ca. 70 %. Det går ikkje an å gå opp der.  Eg som hadde lest i Opptur-boka om ei rute som gjekk opp trallebana inst i Dalsdalen og over slake rabbar fram til fjellkanten? Kunne vi ikkje heller gå der?

– Nei, det blir jo veldig langt, da. Det er jo mye kortare opp her, sa Jarle.

– Okei, sa eg.  Det skulle eg komme til å angre på.

På dei fjellturane eg har vore van med, snakkar ein om om det kanskje finst vanskelege plassar, «klyper» der du må klyve eller kravle eller kanskje klatre i tau, og kor mange slike det eventuelt fins. På snarvegen opp Gråberget fins det ikkje anna. På 650 høgdemeter frå riksvegen opp til vatnet ovanfor Kujøkelen går vi kanskje femti eller hundre meter som eg ville vere bekvem med å la ungane mine gå, ellers er det  kravling og kryping og taugang og blodslit, og minst halvparten av tida med døden eitt feilsteg unna.   Og Jarle? Han har i tillegg ein femti kilos grønlandshund i band, ein leiken toåring som rett som det er tek rennefart og bykser utover etter ei lukt han har kjent eller ei floge som for forbi. Fleire gonger ville han byksa rett i den sikre død, om ikkje Jarle hadde rykt han tilbake. Eit inntrykk av stien får du på denne videoen:

– No kjem vi vel snart til den stygge plassen, seier eg til Jarle.

– Vi er faktisk på den stygge plassen akkurat nå, seier Jarle. Eg må innrømme at eg såg ikkje så veldig forskjell på den og resten av stien.  

Omsider kjem vi opp til vatnet (rett over Kujøkelen) som elva kjem frå. Eg greier ikkje å finne noko navn på det på noko kart. Og derifrå flatar terrenget ut.

– Ein ting kan eg love deg, seier eg til Jarle: – Eg går aldri ned igjen den stien. Det skjer ikkje.  For ein ting er å gå opp ei fjellside som er så bratt at fjeset ditt nesten gnurar inni bakken framfor deg mens du går, ei langt meir skremmande affære er det å gå framlengs ned ei slik fjellside.  – Nei, det er greit, det, vi kan alltids springe veien om trallebana i Dalen, seier Jarle.

Tar du god rennefart og hoppar her, så landar du rett på kyrkjegarden.  Og der blir du.

Tar du god rennefart og hoppar her, så landar du rett på kyrkjegarden. Og der blir du.

Det fine med å gå rett opp, er at det er ikkje så langt å gå. Vi brukar vel kanskje eit kvarter fram på kanten av Gråberget, der vi ser ned på Høyanger. Vi ser faktisk så rett ned på Høyanger, at det er som eit flyfoto.

Og her får eg sjå det folk snakkar om, at «hadde folk nede i Høyanger visst kordan steinane ligg der oppe på kanten, så hadde dei ikkje tort å bu der». For rett vest om boksen med boka, der ligg det ei steinbru, der steinane berre ligg fast fordi dei lenar seg mot kvarandre. Dett ein stein ut der, så dett heile brua, og då fer fleire hundre tonn stein rett ned i Høyanger.  Sjekk video her:

Og så kjem det ekle: Klokka er blitt for mykje til at vi har tid til å gå den lange omvegen. Jarle lirkar det eine argumentet etter det andre forsiktig i meg, og til slutt aksepterer eg at det er berre ein ting å gjere: Gå ned att der vi kom opp. Fy fader, eg hadde vondt i magen ved tanken.

Men det er utruleg kva som går. Artig å kjenne kor mykje mjukare og sterkare eg er blitt i kroppen, berre etter seks fjellturar på tre veker. Og at eg er blitt sterk nok i armane og klypene (takk være at eg alltid går med stavar), til å rapellere ned eit førti meters tau mens eg står rett ut frå bakken (og går baklengs ned) og let tauet gli gjennom hendene. Fint at eg hadde hanskar med 🙂 Men redd var eg. Stort sett heile tida.

– Eg gjekk og lurte litt på ka eg skulle si te kona di viss du drap deg på vei ned, sa Jarle då vi kom ned.  – Og ka folk kom te å si når di så kor eg hadde tatt deg med. Men det gikk no heldigvis bra, da.  

Ja, heldigvis. Og no skal eg begynne å høyre på folk når dei seier at «det er litt stygt, altså».  For i bilen etterpå følte eg meg som ein smågut som har masa seg til å få leike med dei store gutane. Og fått bank. Det gjorde faktisk vondt i dagevis etterpå.

Bilder frå turen finn du her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *