Flatene straffar seg

Fekk meg eit lite sjokk i går. Etter fem veker med intervalltrening, stor og sterk, la eg ut på den faste runden min rundt Hestadvatnet.  Trudde eg skulle få ein solid opptur, men det vart vel heller omvendt…– Ja, no skal vi sjå, tenkte eg, korleis fem veker med intervall-økter på flat strand og svært slake motbakkar i Østfold gjer utslag. For det har eg eigentleg ikkje kunna måle skikkeleg. Eg har jo hatt ei kjensle av at kondisen har komt seg kraftig, men å få ei talmessig bekrefting på det har ikkje vore mogeleg. For på stranda skiftar tilhøva frå dag til dag, og utanom det har eg nesten heile tida sykla på nye vegar, og har dermed ikkje hatt passeringstider å samanlikne med.

Eg la ut på den faste runden min rundt Hestadvatnet. Den er 21,5 km og persen lyder på 53 minutt.  Det begynte bra og slutta urovekkande. I den første motbakken (Foss-gjelet) der eg sykla intervall for fem veker sidan, tok eg tida. Eg sykla svært rolig, ikkje over 135 i puls. Eg kom nesten like langt (mangla 50 meter) på fire minutt som eg gjorde på full peising og 152 i puls for fem veker sidan. Jau, dette skulle gå bra. Opp til Hestadvatnet (sørside) og rundt vatnet gjekk det fort og fint. Passeringstider eitt til to minutt dårlegare enn persen, men eg sykla tross alt på «ikkje-svette-nivå».  Så sykla eg inn i Kjelstad-bakken, og der gjekk eg rett i veggen.

Eg måtte rett ned i første gir. Eg prøvde å halde ein pedalfrekvens som minna om sykling (i motsetning til å gå opp ei trapp), men det måtte eg rett og slett gi meg på. På puls 150 skreik låra mine om nåde, og eg gjekk over i sakte trapp-teknikk. Det var akkurat like tungt å komme seg opp bakken som for fem veker sidan.

– Ingen ting å bekymre seg for, seier Jo Inge, trenaren min.

– Du har ikkje sykla bratte motbakkar på fem veker, så dette var berre å vente. Du  har gjort store framsteg både på kondisjon og styrke og utan tvil hatt godt utbytte av det. Men muskulaturen tilpassar seg veldig fort nøyaktig den belastning han vert utsett for, og no er du god på flater og slake motbakkar, men ikkje bratte. Men det er 20 dagar igjen til rittet, og når du no begynner med intervall i bratt-bakkar, så kjem du nokså fort til å gjere store framsteg der og.

Så no legg vi planen ei veke om gongen. Denne veka skal eg sykle rolige økter til eg kjenner at kroppen er klar for 4 x 4 minutts intervall i Kjelstadbakken. Så kjem eit par dager med rolige økter, og så, lørdag eller søndag, skal eg rett og slett prøve å sykle opp Gaularfjellet.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *