Treningsnarkoman?

Nei, det gjekk ikkje det, veit du. Skulle ha kviledag fordi det regna trollkjerringar og eg hadde gnagsår i sitteapparatet, men greidde eg det? Nei. Og regn? Er eg ikkje frå Sande i Sunnfjord, kanskje? Og gnagsår? Det er no bedre enn liggesår? Men mest av alt, denne tanken, som eg kjenner att frå då eg slutta å røyke:

At før eg kjem meg ut og får sykla ein tur og rive av meg litt rastløyse, før det kjem eg ikkje til å greie å tenkje på noko anna. Så enkelt er det. Svigerinna mi kjem på besøk, og eg kjem til å helse på ho, og tenkje: «Skulle vore ute og sykla ein tur». Og vi skal grille, og eg kjem til å tenkje: «Skulle vore ute og sykla ein tur».  Og vi skal ete ripsdessert av bær som eg har plukka i dag, og eg kjem til å tenkje: «Hadde smakt bedre om eg hadde vore ute og sykla ein tur først».

Så eg let regn vere regn, drog på meg sykkelbuksa og la ut på ein tur rundt Rygge kirke. Du kan ikkje bli våtare enn våt. Og det vart eg. Og no sit eg her, nydusja, og med den herlege etter-treningstur-mjukheita i kroppen, den mjuke sitringa i hårrøtene, den gode, rolige kjensla i kroppen, som berre eit skikkelig skot endorfin kan gje deg. Litt narkoman er eg nok. Og so då?

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *