Stillast vatn

…har djupast botn, seier dei. I dag fekk eg det demonstrert så eg fekk frysningar. Min ven Jomar lærte meg ei lekse. 

Det er i herbergshagane om ettermiddagane dei gode samtalane finn stad.  Jomar kom til herberget i følge med ein eldre mann som eg fort skjønte hadde bestemt seg for å ta seg litt av han. Jomar var nemleg litt rar. Han snakka høgt og hadde eit minespel som kunne tyde på at han var litt psykisk utviklingshemma.  Eg tenkte med ein gong at det var litt rart at nokon hadde slept han avgarde her åleine.

Han kom ut i hagen og såg veldig spørjande på meg, og eg nikka at han var velkomen til å sette seg litt. Eg forstår såpass fransk no, at eg skjønar det meste av det dei seier. Med Jomar var det tydelegvis omvendt. Han forsto ein del engelsk, og  dessutan hadde han ein anna fordel: (for å seie det rett ut) eg trur Jomar er vant til at det er no ikkje alt ein forstår. Og han bryr seg ikkje om om folk ler av han fordi han har sagt noko dumt. Eg er redd det er noko han er vant med.

Han hadde gått åleine frå Le Puy (som eg). Han hadde slått følge med den eldre mannen fordi dei hadde gått like langt tre dagar på rad. Den eldre mannen var også veldig snill. Jomar hadde mista handduken sin, og han andre hadde fått tak i ein ny til han, og det var bra, for i dag hadde han tenkt å dusje.

–          Det er godt å gå, seier Jomar.

–          Heime sit eg berre på kjøkenet mitt og røyker og drikk. Her går eg alt eg greier, og så et og drikk eg litt og pratar med folk. No radio. No TV. No telephone. No nosense. No problems. Just walk. Det er mykje bedre, seier Jomar. Det er eg einig i. Jomar er bilmekanikar og bur i ei blokk.

–          Har du ei kvinne, spør eg.

–          Occasion, seier Jomar. No og då.

–          Ho er veldig clever. Ikkje som meg. Ho kjem av og til, og så har eg henne, men så er ho vekk, og så har eg henne ikkje. Eg skulle ynskje ho ville bli hos meg. Men eg er ikkje noko for ei kvinne.  (Han set peikefingeren mot hovudet sitt og lagar ein lyd som når lufta går ut av ein ballong) . Men det er no kjekt når ho er der.

–          Skriv du ei bok? Spør Jomar.

–          Korleis visste du det, spør eg.

–          Jau, du sa at du pleidde å lese ei bok kvar dag i ferien. Det er då logisk? Då tippar eg at du drøymer om å skrive ei bok. Når du les ei bok, lever du i draumen din.

–          Har du tre eller fire ungar? Spør Jomar. No begynner eg å lure litt.

–          Fire. Korleis veit du det?

–          Jau, du sa at du hadde ein Caravelle. Alle med Caravelle har mange ungar. Då får dei plass til luftmadrasser og vannski og alle leikene dei har med seg når dei skal ut på tur. Kvifor ville dei ellers ha ein Caravelle?  Jomar legg, som du kanskje skjønar, merke til litt av kvart.

Etter kvart får han ut av meg kva eg jobbar med, eg tar fram pc’en min og syner han bloggen min, bilde av huset vårt, bygda vår, nettsidene til NRK Sogn og Fjordane, alt.  Han er veldig interessert.

–          So you are living in a dream, seier Jomar.

Det forstår eg ikkje. Vel var eg kanskje litt vel åpen når det gjaldt livet mitt, men trur han eg er ein skrytepave, som sit her og lyg på meg ting?

–          No, you are not living in a dream, seier Jomar og peikar på eit bilde av kona og ungane mine:

–           You are living in my dream. I hope you live it well, sa Jomar. 

Eg ser på han, den litt tilbakeståande hjelpeguten på bilverkstaden, som sit på kjøkenet sitt og røyker og drikk, og blir utnytta av ei intelligent kvinne som kjem og brukar han no og då. Eg må svelgje ein stor klump i halsen, og seier “ I will remember that. ”

Det gjekk ei stund, så sa Jomar:

–          Now, we must have more beer.

Du får ikkje bilde av Jomar. Eg tok eit, men han veit tydelegvis kva inntrykk han gjer på folk, så han sa at det fekk eg ikkje bruke på internett. Og han heiter ikkje Jomar heller. Men resten er sant.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Stillast vatn

  1. Per Anders sier:

    Ei fin historie.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *