Slow walking

Denne videoen må du sjå! Filma frå eit restaurantbord i Montcuq. Verdens tregaste mann. Men les teksten først!Eg sit ved restaurantbordet ein solfylt ettermiddag i den vesle byen Montcuq, idet eg blir oppmerksom på ein mann som går over gata. Han går heilt utrulig, fantastisk seint, og han følgjer eit fast mønster:

Han går tre pittesmå skritt, og så stoppar han opp.

Han finn baklomma i joggebuksa si, og så tek han tre skritt til, før han innser at han greier ikkje å få opp lommetørkleet sitt mens han går.

Han stoppar igjen. Tek opp lommetørkleet, begynner å gå. Går tre skritt til, før han stoppar opp, tek op lommetørkleet, studerer det nøye, og så snyt han seg.

Begynner å gå. Går tre skritt før han innser at han greier ikkje å finne baklomma mens han går. Stoppar. Finn baklomma, begynner å gå.

Går tre skritt, før han innser at han får ikkje lommetørkleet ned i baklomma mens han går. Stoppar. Puttar lommetørkleet ned i lomma, begynner å gå.

Og så går han tre skritt til, OG SÅ BEGYNNER HAN OPP ATT MED HEILE MØNSTERET EIN GONG TIL!

Fader, at ikkje eg fekk fram kameraet og filma det, tenker eg. Etter fem minutt er mannen komt ti meter av garde. Det går opp for meg at eg har all verdens tid, eg, til å finne fram mobilen min og skru han i videomodus og feste dette på minnekort. So, here goes…:

Gå-sakte-mannen 

Du ser bakken han er på veg opp? Det tok 45 minutt før han var oppe.

Og fire timar seinare kom han tilbake, og her er han i nærbilde: (legg merke til at gangtempoet er uforandra):

Nært på gå-sakte-mannen

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *