LES RESTEN AV DETTE INNLEGGET!!!!!!!

I artiklane nedanfor står det med blå skrift: Les resten av dette innlegget

Det betyr at viss du klikkar på den setningen, opnar det seg ein artikkel, med ei artig historie, kanskje bilder, kanskje ein video. DET ER DER SJØLVE INNHALDET LIGG! Det du ser på framsida er berre noko eg skriv for å lokke deg til å opne hovudsaka.

Grunnen til at eg skriv dette er at eg tilfeldigvis studert eit svært intelligent menneske mens ho sat og skulle lese bloggen min, og oppdaga at ho ikkje visste dette. I tre månader har eg spurt ho: – Såg du videoen der eg nesten krasja med ho dama (for eksempel), og ho har sagt (FOR EKSEMPEL) – Ja, haha, det var veldig morsomt – MEN MED EIT LITT USIKKERT, FLAKKANDE BLIKK! – Ja, såg du kor ho skvatt ut av løypa, seier eg (for eksempel). – Har du sett ostehøvelen, seier ho (for eksempel).

– Kanskje ho ikkje syns det var så morsomt, har eg tenkt (for eksempel). No skjønar eg at ho hadde ikkje sett det i det heile tatt.

No skal du få belønninga for å ha lest alt dette. ler du ikkje av den videoen som kjem fram her, så har du mista evna til å le.

Trykk på «les resten av dette innlegget»  UNDER DENNE SETNINGEN, så skal du få sjå videoen:

Belønninga; watch?v=5P6UU6m3cqk

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *