Litt for lett

Fredag sykla eg rundt Hestad (21,5 km) for første gang på ei stund. Det vart ei oppløftande oppleving. Tidlegare har den turen vore litt for lang etter min smak. I fjor brukte eg rundt 1 t 25 minutt på turen, og då var eg som regel gruelig sliten då eg kom heim. No skal det innrømmast at det var ikkje så mange gonger eg sykla rundt der i fjor. To-tre gonger, kanskje. Eg nøydde meg for det meste med å sykle opp til Foss-krysset ( 7 km tur-retur), og det syntes eg var ei grei økt.

Denne gongen vart det litt annleis. Jada, eg sleit bra i siste kneika i Skudalsbakken, og Kjelstadbakken var akkurat like lang som eg hugsar han, men eg følte ikkje at lungene var på veg ut av kjeften, og eg kjente ikkje pulsen i tinningen. Etter Kjelstadbakken heldt vi full peising på øverste gir (over 40 km/t) heilt inn til bedehuset (ca 1 km ut på flata), og det er lenger enn eg nokon gong før har klart det. På flatene rundt vatnet låg vi jamnt og pressa heile vegen, og det har eg heller ikkje klart før. Då vi kom heim, hadde vi brukt 1 time og 8 minutt.

– Eg føler nesten at dette var litt juks. Litt for kort til å kallast ei treningsøkt, sa eg til kona mi. Og her kjem det avgjerande: DET SYNTES HO OG!  Ellers kunne jo alt forklarast med at ho hadde trødd meir enn meg. Og viss du vil sjå korleis livet skal være, ein vakker vårdag, så sjekk dette:

Low fly-by

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *