15. januar: Treningsopplegget

Treningsstudioet mitt. Høgt under taket.

Treningsstudioet mitt. Høgt under taket.

Jo Inge meiner at det viktigaste dei neste månadane er å gå ned i vekt, og pent og forsiktig opp i kondisjon.
Dei neste månadane skal eg køyre minst tre økter a ein time på 150-wattnivået, som er min terskelfart. Det betyr ganske enkelt den høgaste ytelsen eg kan greie å halde i ein time. I tillegg vil han at eg skal legge inn så mange økter som mogeleg som skal være lange og bedagelege. Han seier at Ole Einar Bjørndalen gjer 85 % av treninga si på 50- og 100-watt-nivå, og berre to-tre gonger i veka på hard ytelse. Vi blir einige om at Gjøsetstøl-løypa (12 km) på Langeland skisenter skal eg gå hardt, og  Fauskestøl-løypa (22 km) skal eg gå rolig.

Innspel frå Jo Inge:
Treningsdagbok
Eg fann ikkje den eg brukte på Haugland, men det er ikkje nøye. Eg vil at du skal lage deg eit dokument der du noterer

Dato for trening, kva du gjorde på trening (t.d. sykkel, langrenn, ergometersykkel), varigheit, samt intensitet angitt med Borg skala.

Borg skala (rate of perceived extertion/opplevd anstrengelse)
Dette er ein tallskala som er utvikla for å prøve å standardisere den subjektive kjensla av anstrengelse ved ulike grader av fysisk aktivitet. Skalaen går frå 6 til 20, kor 6 indikerer at aktiviteten ikkje er anstrengende og 20 at den er maksimalt anstrengende. (Eg pleier å seie at 19 er det mest anstrengande du har opplevd nokon gong).
·  6 Ikkje anstrengande
·  7 Meget, meget lett
·  8
·  9 Meget lett
·  10
·  11 Ganske lett
·  12
·  13 Litt anstrengande                     
·  14
·  15 Anstrengande
·  16
·  17 Meget anstrengande
·  18
·  19 Svært anstrengande
·  20 Maksimalt anstrengande

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til 15. januar: Treningsopplegget

  1. Tilbaketråkk: Får beskjed om å roe ned – Den lange vegen mot toppen – NRK-blogger

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *