Treningsdagbok pr. 3. mars

"Haren" min, Rose (10). Med slikt selskap kan du ikkje klage.

"Haren" min, Rose (10). Med slikt selskap kan du ikkje klage.

Treningsdagbok:

 Onsdag 13. januar: kl. 1300: Kondistest. 17 minutt, greit. kl. 2000: 5 km på Langeland, med Rose (10 år). 40 minutt, halvparten av det på 150 W-nivå. Med Rose blir det litt rykk og napp. Løyste svetten, men ikkje så mykje meir enn det.

 Torsdag 14. januar: gjekk 10 000 på skøyter på 44,36. Måtte sette meg eit minutt ved 6, 20, 14,40 og 30,34 og gjekk så til 44,36 minutt. Kondis no problemo, men hadde så vondt i føtene at eg måtte kvile litt.

 Fredag 15. januar: Gjekk 5 km på Langeland. 10 minus, Trått føre, gjekk ganske bra på heile vegen, brukte 37 min frå bilen til bilen. Borg: 16. 1,5 time på det nivået blir ganske tøft.

 Lørdag 16. januar: Gjekk Gjøsetstølen (11,8 km målt på GPS). Trått føre. Gjekk bra på i motbakkane. Brukte 1,5 time. Borg 14.

 Søndag 17. januar: Gjekk på skøyter på Jølstravatnet i 1,5 time. Borg 11. 500 m på 1,28. Slo Thomas Espedal med 5 sekund. Stivna som ein stokk i siste sving.

 Mandag 18. januar: Gjekk på skøyter på Viksdalsvatnet i 35 minutt. Sur vind, einsamt. Mykje sprekker, kunne ikkje gå jamnt og trutt. Borg 11.

 Tirsdag 19. januar: Sumde 1000 m i Høyangerbadet på 55 minutt. Vanskelig å samanlikne intensitet med anna idrett, men sumde kvar langside så fort at eg måtte ha ein liten pause for å få pusten ned på ein frekvens som passar med symjetakta. (Do kan ikke puste med det hode under vann). Borg 14

 Onsdag 20. januar: Gjekk Gjøsetstølen med Rose (10) Ei hard økt. Motbakkane greier eg berre ikkje å ta i rusletempo. Borg 14

 Torsdag 21. januar: kviledag.

 

Fredag 22. januar: Gjekk 5 km så hardt eg greidde, heilt frå start. Brukte 33 minutt, fire mindre enn veka før. Likt føre, kaldt, tørt og trått. Brukte nok meir krefter enn veka før, men det var rett og slett fordi eg hadde meir krefter å bruke.  I siste kneika opp til toppen i femmaren var det akkurat som om korsryggen min ikkje ville bere meg lenger. Då må eg vel kunne seie Borg 17.

 Lørdag 23. januar: Kviledag

 Søndag 24. januar : Kviledag

 Mandag 25. januar: 8 km Langeland, 57 minutt, Borg 14 

 Onsdag 27. januar: I dag gjekk eg 10,1 km på 1 time og 1 minutt. Det gir ei 5 km-tid på 30,30. Altså ei forbetring på 3,30 frå førebels bestenotering, og 6,30 bedre enn målinga 15. januar Litt raskare føre forklarer nok noko, men ikkje alt. No er det ikkje tvil om at formen er i betring. Borg 14 kallar eg det, når eg føler at eg kunne gått ein halvtime til, men skjorta og til dels buksa er våt av svette.

Fredag 29. januar:I kveld gjekk eg rundt Gjøsetstølen på 1 t 33 minutt. Og det var blytungt. Og så den tida! Dette tilsvarer ei 5km-tid på 39 minutt, altså dårlegast sidan eg starta denne bloggen. Og det med nyglida ski. Dette var så ille at eg håpar det betyr at noko blir tilsvarande bra. Borg 14

Søndag 31. januar: Nei, nu, altså. I dag var det riktig nok noko tråare føre, så treigt som det i det heile tatt blir, faktisk, med nysnø og minus 12 grader. Men likevel.  Gjøset-stølen (11,8 km) på 1 time og 37 minutt. Bevare meg. Får trøste meg med at eg heldt meg på haglesvette-nivå stort sett heile tida, og det må no vere positivt uansett, det.

 Tirsdag 2. februar: No er eg slutta å ta tida rundt Gjøset. Det blir til at eg pressar meg for hardt. Gjekk ein rolig tur i dag, etter Jo Inge sine instruksjonar, god kjensle etterpå. Varighet oppunder to timar, Borg 11

Onsdag 3. februar: Fann fram fjellskia mine og gjekk Gaularfjellsvegen frå Langestølen til kommunegrensa. Borg 11. I minus 15 og frisk vind vart det ein iskald fornøyelse.  Varighet 1.5 time.

Søndag 7. februar: Gjekk roleg rundt Gjøsetstølen, Pressa litt i bakkane før og etter Gjøset. Veksla mellom Borg 11 og 13

Mandag 8. februar: Gjekk roleg rundt Gjøsetstølen, pressa litt i bakkane før og etter Gjøset. Veksla mellom Borg 11 og 13.

Onsdag 10. februar: Gjekk 4 timar på vekslande føre på truger. (Rypejakt)Veksla mellom Borg 11 og 13

Torsdag 11 februar: Gjekk 4,5 timar på fjellski, den første 1 t 30 minutt Borg 14, deretter rundt Borg 11.

Lørdag 13. februar: Gjekk 5 km på Langeland, følte at det kosta meg ikkje krefter i det heile tatt. Rett og slett moro. Borg 11.

Mandag 15. februar: 2 x 5 km Langeland. Borg 13

Onsdag 17. februar: Kondisjonstest. 17 minutt, Borg 18 (dei siste to minutta)

Torsdag 18. februar: Gjekk 8 km på nøyaktig 1 time på Langeland. Var litt betenkt etter kondis-testen, på om eg har gått for slapt, så eg ikkje har fått noko kondis-utbytte, så eg sette på meg pulsmålar og sjekka pulsen. Jo inge seier at eg bør ligge på rundt 140. Gjekk i det tempoet eg brukar å gå, og pulsen låg mellom 145 og 156. Så eg er ikkje for slapp. Borg 14

Fredag 19. februar: Gjekk Fauskestølen (18 km). Opna for hardt, sleit tungt i andre tredjedel, tok ein 20 minutt pause med mat og drikke på Gjøset, og gjekk den siste tredjedelen greit (om enn veldig rolig). Brukte tre timar, av dei 1,5 time på Borg 13, resten Borg 11.

Søndag 21. februar:  Fauskestølen. 18,29 km iflg. GPSen min. Opna meget forsiktig, hadde ein langt behageligare tur, brukte kortare tid. (2,30) Trur kanskje det kostar veldig mykje når eg opnar for hardt, før eg er blitt varm.  Maks hastighet 65,8 km/t. Trur det var rett før fallet. (Krateret). Borg 12.

Mandag 22. februar: 8 km på langeland. brukte 55 minutt. Borg 13

Onsdag 23. februar: 2 x 5 km Langeland. 1 t 2 min. Borg 13

Fredag 25. februar: Fauskestølen. 18 km. 2,5 time. Borg 12. Slalombakken 1,5 time, mykje gåing opp trekket, Borg 12 

Mandag 1. mars: 2 x 5 km på Langeland, 11 time, Borg 13-14. Butta mot melkesyr i låra på veg mot toppen av femmaren begge gongane.  

Tirsdag 2. mars: Slalombakken i Årbergsdalen. Gjekk opp i staden for å ta trekket. 1 t 10 min. Borg 13, etter kvart 14.

Dette innlegget ble publisert i Treningsdagbok. Bokmerk permalenken.

7 kommentarer til Treningsdagbok pr. 3. mars

  1. Jo Inge Gåsvær sier:

    Kjempeflott Ole Johannes!

  2. Anne-Brit sier:

    Du er kjempetøff! Blir morro å følje med på utviklinga, kanskje vi ser deg på vegen eller i fjelltraktene her òg? Lukke til!!!! 🙂

  3. Ole J sier:

    Hei Anne-Brit! Kva fjelltrakter tenkjer du på?

  4. Glenn Thomas sier:

    Du er en tøffing Ole Johannes! Finner på mye rart du, men morro er det 🙂 Og jeg må le hver gang, julekalenderen på NRK SFJ var veldig morsom.:)
    Jeg skal hilse masse fra Rebekka!

    Hilsen Glenn Thomas

  5. Robert S sier:

    Dette fikser du , lykke til skal følge med deg når eg eri sande 🙂

  6. Robert S sier:

    Dette fikser du , lykke til skal følge med deg når eg er i sande 🙂

  7. Andrea Egnell Randa sier:

    Hei Ole Johannes!! Flott å se at du fremdeles står på og trener!!! Kikker forbi bloggen en gang i mellom og ser at det er aktivitet – Kjempebra:-)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *