Eg har vel nevnt det før, men eg prøver av og til å legga sykkelturane til område kor eg ikkje har vore på lenge. Det er ikkje av vond vilje, men 15 år i Bergen får visse konsekvensar.
Lørdag bestemte eg meg for å sykla over til Buøy og Hundvåg. Farmor og farfar budde på Hundvåg, så eg var der mye i barndommen og har mange fine minne derifrå.
Etter mye sykling på kryss og tvers på Hundvåg fann eg grusvegar! Det er lurt å sykla på grus har eg lært. Ikkje fordi det er så rasande festleg, men fordi mye av Nordsjørittet går på grus og det er lurt å ha trent på slikt underlag.
Og vips var eg plutseleg i Lundsvågen og kikka på båtane før turen gjekk vidare til Bjørnøy, Roaldsøy og Ormøy – og tilbake til Våland. Problemet med slike turar er at eg blir veldig opptatt av å kikka meg rundt, dermed er ikkje snittfarten spesielt høg. Men ein viss treningseffekt har det nå uansett. Og når eg først skal ut og trena er det kjekt å gjenoppdaga nærområda. Kan anbefalast!