Ok, det er ikkje spesielt varmt på kveldstid ennå. Men eg liker å ta meg ein sykkeltur på den tida av døgnet. Så eg fann ut at ei vaskekte finlandshette må vera gode greier under sykkelhjelmen. Fann ei velfungerande på sportsbutikken på Kilden.
Kanskje har eg blitt ein smule forfengeleg, men eg må i alle fall ta betenkningstid før eg legg ut bilde av resultatet. Finlandshette og sykkelhjelm. Jojo. Det fungerer.
Hadde meg ein times tur i kveld. Men alltid skal det vera noe. Sykkelcomputeren fann ut at han ikkje ville virka. Eg klarer meg sjølsagt utan, men plutseleg merka eg at det er irriterande å ikkje vita kor fort og kor langt eg har sykla. Bare meg, eller andre som har det sånn?