Proffane var ikkje velkomne på landslaget

Mange utanlandsproffar er ikkje nødvendigvis eit kvalitetsstempel for norsk fotball, sa Drillo for nokre dagar sidan. Det har ikkje alltid vore ei relevant problemstilling. For nokre tiår sidan var utanlandsproffane uønska på landslaget.

Roald "Kniksen" Jensen var den første proff-spelaren på det norske landslaget. Her i sving mot Mexico i den aller første landskampen der Norge slapp utanlandsproffar til

Det fanst ei tid då det var heilt uvanleg at nordmenn som spela profesjonelt i utlandet. Like greit, vil mange meine, fordi dei uansett ikkje var velkomne på landslaget.

I beste viktorianske ånd var det for det meste amatørskapet som gjaldt i idretten. Klubbfotballen hadde rettnok vore gjennomprofesjonalisert nesten sidan starten, men i Skandinavia var amatørfana halden høgt også i fotballen dei første tiåra etter krigen.

Det betydde at når ein spelar vart proff, var han også uaktuell for landslaget – for alltid. For det nytta ikkje å kome tilbake og spele amatørfotball når ein først hadde tent pengar på det i utlandet.

Ein spelar som nokon gong har mottatt betaling for å spele fotball, skal ikkje få spele på landslaget. Det var norsk haldning og NFF-praksis heilt fram til slutten av 60-talet.

Så mange nordmenn gjaldt det ikkje, det var ikkje så veldig mange som fekk tilbod om proffspel. Men dei det gjaldt, var dei beste, og dei beste frå tida fram til 60-talet står dermed med få kampar i den norske landslags-statistikken.

Per Bredesen er rekna som ein av dei beste norske fotballspelarane i historia. Ørn-spelaren debuterte på landslaget som 19-åring i 1949. Men han reiste til Italia som 22-åring, og spela der i ni år. Han vart ligameister med Milan i 1957, og er framleis den einaste nordmannen som har vunne Serie A.

Men på landslaget vart han ståande med sine 18 kampar og sju mål frå sine tre år som Ørn-spelar. For etter at han verkeleg slo gjennom i Italia, var han uønska på landslaget. At han spela 212 kampar og scora 49 mål for fem italienske toppklubbar, betydde ingenting.

Seinare kom spelarar som Roald ”Kniksen” Jensen og Finn Seemann. Kniksen er framleis rekna som ein av dei aller beste norske spelarane i historia. I 1960 vart han som 17-åring den yngste landslagsspelaren nokonsinne. Men i 1964 vart han kjøpt av skotske Hearts, og dermed var også super-talentet frå Bergen utelukka frå landslaget. Han fekk totalt berre 31 kampar.

Seemann vart seriemeister med Lyn i 1964, men året etter reiste også han til Skottland og Dundee United. Vips var også han utelukka frå landslaget, der han fekk 15 kampar før han blei proff.

Dermed står tre av dei aller fremste i norsk fotballhistorie med 64 kampar totalt – førti færre enn Torbjørn Svendsen klarte åleine.

Det urimelege i dette vart meir og meir tydeleg, ikkje minst fordi dei fleste andre land stilte med sine beste spelarar. Den viktorianske ideen om strengt amatørskap var på vikande front i all idrett, og mot slutten av 60-talet tok stadig fleire til orde for at også Norge skulle tillate proffane på landslaget.

Gjennombrotet kom på fotballtinget i februar 1969. Forslaget om å sleppe proffane til vart vedtatt med overveldande fleirtal, berre tre av utsendingane røysta imot.

For øvrig vedtok det same tinget mot eit betydeleg større mindretal at også klubbane skulle få lov å betale spelarane litt – det hadde heller ikkje vore lov tidlegare etter det strenge amatørreglementet. Kvar spelar skulle kunne få inntil 100 kroner for siger, 50 for uavgjort. Dei som røysta mot, frykta at det skulle bli for dyrt for klubbane…..

Men for landslaget var barrieren broten. Frå sesongen 1969 var alle norske spelarar tilgjengelege dersom dei fekk fri frå klubbane. Det var ikkje sjølvsagt i dei dagar.

Den aller første kampen etter ting-vedtaket vart spela på Ullevaal 8. mai. Mexico var motstandar og vann 2-0, og Kniksen blei den historiske spelaren. Hearts-proffen fekk plass på laget, nesten fem år etter at han som amatør fekk sjansen sist.

Dei nye reglane gjorde det også lettare og meir lokkande for andre nordmenn å bli proffar i utlandet. Rosenborg-duoen Odd Iversen og Harald Sunde reiste til Belgia i 1970, Harald Berg til Nederland i 1971. Alle fekk likevel spele på landslaget, både under og etter proff-opphaldet. Det opplevde aldri Per Bredesen under og etter suksessen i Italia.

Også våre skandinaviske grannar hadde den same amatør-regelen. Men i Sverige tok dei den bort allereie på slutten av 50-talet, dei ville ha sine beste på plass til VM på heimebane i 1958. Danmark heldt på amatørbegrepet heilt til 1971, så sleppte også dei proffane til.

Ein av danskane som mista ein mulig stor landslagskarriere, var Erik Dyreborg, mannen som scora alle måla då Danmark vann 5-0 på Ullevaal i 1967. Han fekk seks landskampar, scora åtte mål, vart proff og kom aldri meir på landslaget.

På klubbnivå gjekk utviklinga mot proff langt meir gradvis. Hundrelappen for siger vart raskt oppgradert. Midt på 70-talet var Lillestrøm først ute med å kjøpe spelarane fri til trening i arbeidstida, og fleire klubbar lokka med gunstige avtaler om bil-lån.

Trenarane fekk derimot betaling, men fekk likevel ofte bilavtale i tillegg. Ikkje alltid var det klart om det var som ein del av betalinga, eller det var lån.

Då Ivar Hoff etter mange kontroversar fekk sparken som Brann-trenar i 1979, tok han bilen med seg. Dette likte klubben dårleg. Branns advokat Alf Nordhus slo kategorisk fast at dette var ein Brann-bil!

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *