«Slaktaren frå Wolverhampton» er død

Jack Taylor (i midten) dømde VM-finalen i 1974. Han vart den første som dømde straffe i ein VM-finale, og den gongen dømde han likegodt to

Han var den første som dømde straffespark i ein VM-finale. Han dømde cupfinaler i fire verdsdeler. Han er ein av dei få fotballdommarane som har fått plass i FIFAs Hall of Fame. Og han fekk den offisielle britiske utmerkinga OBE (Order of the British Empire). Før helga døydde han.

«Slaktaren frå Wolverhampton» fekk ikkje tilnamnet fordi han var ein brutal dommar som likte å øydelegge. Han var rett og slett slaktar av yrke, ogkutta til kvardags kotelettar i famileverksemda i den midtengelske fotballbyen. Når han ikkje reiste verda rundt på dommaroppdrag.

Over 1000 kampar dømde han i sin karriere, godt og vel 100 av dei var landskampar. Men ein av dei ragar høgare enn alle andre: VM-finalen i 1974.

Det var her det Ajax-baserte nederlandske laget skulle teste sin revolusjonerande totalfotball mot den vesttyske maskinen som hadde heimepublikum i rygen på Olympiastadion i München. Berre den beste av dei beste kunne få ansvaret for å leie ein slik kamp, og ansvaret fall på den då 44 år gamle engelskmannen.

Her er det på sin plass for underteikna å tilstå noko: Eg heia på tyskarane den gongen. Det var politisk ukorrekt, mykje på grunn av at vesle Nederland – med Johann Cruyff i spissen – hadde revolusjonert fotballen. Med sin nykomponerte og leikande «totalfotball» hadde dei sjarmert fotballverda tidlegare i meisterskapet.

Eg var glad i tysk grundigheit der ute på banen. Hardt tysk arbeid burde løne seg mot jålete nederlandsk puslespel. Og var ikkje Cruyff ei utruleg arrogant blære?

Augneblinken som endra Taylors liv kom allereie nokre få sekund etter avspark. Det var ikkje spela eit minutt då Taylor bles for straffe til Nederland. Johann Neeskens sette inn 1-0 før ein einaste tyskar hadde vore borti ballen.

– Eg foukserte på kampen, prøvde å gløyme ramma rundt. Og eg var hundre prosent sikker på straffen, sa Taylor etterpå.

Aldri tidlegare hadde det vore dømt straffe i ein VM-finale. Taylor våga det etter berre nokre sekund. Og det var han som dømde det andre også – i den andre enden av bana berre ein halv omgang seinare. Den gav 1-1. Taylor var sikker på den og.

– Det irriterer meg enno at mange påstår at det var kompensasjon for den første. Det var eit forsøk på felling, og reglane seier at det er straffe, sa Taylor i eit intervju for seks år sidan.

Gerd Müller snurra rundt og gav tyskarane leiinga rett før pause, og andreomgangen vart prega av nederlandsk press og knallhardt tysk forsvarsspel. Taylor heldt hovudet kaldt då også, og avviste kravet om fleire nederlandske straffer i dei tøffe bataljane framfor Tysklands mål.

Det kjendest godt å sjå Cruyff gå slukøyrd av bana etter Jack Taylors siste fløyteblås for dagen.

Ute blant folk dei neste dagane var det likevel det beste å halde ein låg profil. I vennekretsen og elles rundt omkring fekk dommar Taylor det glatte lag. Ikkje berre for det tyske straffesparket, men svært generelt. Eg tykte tvertimot at Jack Taylor var ein heidersmann.

For heidersmannen sjølv vart VM-finalen eit vegskilje. – Det var 90 minutt som endra livet mitt, sa han i 2006. Han vart britisk helt, fekk sin OBE året etter, og kunne slutte i slakteriet i Wolverhampton. I staden dømde han fotball verda rundt. To år brukte han som dommar i Brasil, og dommarkursa hans var etterspurde over heile verda.

Seinare engasjerte han seg i heimeklubben Wolverhampton Wanderers, der han også var kommersiell direktør ein periode.

I intervjuet i 2006 heldt han også eit oppgjer med FIFA og stivbeinte dommar-retningslinjer. – Dommarane har alle slags reglar og retningslinjer dei er pålagde, og som det er nesten umogeleg å følgje. Det er det som skaper overskrifter. I mi tid var det meg og 22 spelarar, vi løyste problema saman der og då, sa Jack Taylor.

Fredag var det slutt. Jack Taylor rakk å bli 82 år gammal.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *