75 år sidan første tv-kamp

29. august 1936 skulle bli ein merkedag i fotballhistoria. Det visste dei nok ikkje då, men denne august-laurdagen for nøyaktig 75 år sidan skulle sakte men sikkert snu opp-ned på fotballen. Då vart den aller første fotballkampen vist i sin heilskap på tv.

Tv er tungt inne på alle toppkampar i fotball i dag, her frå Bundesliga. Men det er berre 75 år sidan fotball var noko heilt nytt på tv

I dag er fotballen på mange måtar i lomma på tv-selskapa. Det er der toppklubbane tener pengar, og det er tv som bestemmer at det skal vere fredags- og måndagskampar, stikk imot det fansen vil ha. Millionar og milliardar av kroner, pund og euro bestemmer. Det myldrar av kanalar som sender kampane direkte. Og både klubbane og forbunda vil meir enn gjerne ha fotballen vist direkte på tv.

Det har ikkje altid vore slik. I mange tiår var det stikk motsett: Klubbar og forbund frykta publikumssvikt på tribunene, og la så mange hindringar i vegen som dei kunne.

Laurdag 29. august gjekk opningsrunden av engelsk 1. divisjon – den tids Premier League – for sesongen 1936-37. Og dette nye mediet som heitte televisjon, levande bilete rett inn i stova, hadde allereie sendt sportssendingar. Tv hadde hatt sendingar frå det nyss avslutta sommar-OL i Berlin, og no skulle fotballen få prøve seg som tv-idrett.

Det var BBC i fotballens eige heimland som naturleg nok tok pioner-løftet. Av tekniske grunnar måtte dei velje ein London-kamp, også fordi tv-signala knapt nådde ut over bygrensene. Og teknikken og kapasiteten for utandørs-overføring var naturleg nok nokså begrensa.

Arsenal – Everton var for ein storkamp å rekne. Dette var to av dei toneangivande laga i England på første del av 30-talet, og sjølv om ingen av dei hadde vore med heilt i toppen sesongen før, var det profilerte lag. Arsenal var dessutan regjerande cupmeister.

Visst hadde tv vist glimt frå fotballkampar før, men aldri hadde ein kamp blitt vist fullt ut. Denne kampen gjekk heller ikkje direkte, men den vart vist seinare i sin heilhet, i kornete og skurrete svart-kvitt-bilete. Det gjorde sikkert ikkje noko. Det var slett ikkje alle som visste resultatet nokre timar etterpå likevel.

Tv-publikummet fekk sjå legendariske ”Dixie” Dean score to mål for Everton, men Arsenal vann 3-2 og tok første steget mot det som skulle bli seriebronse bak Manchester City og Charlton våren etterpå.

Det var heller ikkje så mange som såg på. Berre nokre ytterst få tusen britar i London-området hadde skaffa seg tv heime på den tid. Kanskje såg nokre fleire kampen på pub den kvelden, men tv var heller ikkje serleg utbreidd på pubane på øyriket, og tradisjonen med pub-fotball var sjølvsagt ikkje-eksisterande.

Det var med andre ord langt fleire som såg kampen frå tribunene på Highbury enn som såg tv-overføringa.

Men tv-frøet var sådd. Fotballen var komen til tv for å bli. Året etter vart første kampen overført direkte – ein spesial-arrangert kamp mellom Arsenals A- og B-lag. Den første ”skikkelege” kampen som gjekk direkte, var klassikaren mellom England og Skottland i 1938, og deretter FA-cupfinalen mellom Preston og Huddersfield same året.

Tv-overføringane tok likevel ikkje av. Ikkje på lenge enno. I første omgang på grunn av verdskrigen som tok til i 1939, seinare fordi ligaen og klubbane frykta publikums-flukt frå tribunene.

Derfor var det langt mellom direkte-overføringane. Nokre privatkampar og internasjonale kampar, som dei første europacup-finalene, vart sende direkte. Finalen i den engelske FA-cupen vart send, men ikkje direkte i England. I andre land, som i Norge, kunne ein derimot sjå finalene direkte allereie frå tidleg 60-tal. Men VM vart sendt direkte allereie frå 1954.

Ligkampen mellom Blackpool og Bolton vart send direkte som ein test i 1960, men så skulle det gå 23 år til neste gong.

I Storbritannia vart ikkje kampane direkte-overført før dei store pengane begynte å kome inn i fotballen eit stykke ut på 1980-talet.

Då Tippekampen kom til Norge med ein direkte-kamp laurdag ettermiddag frå 29. november 1969, var det framleis lenge igjen til britane sjølve fekk sjå tv-fotball direkte.

Løysinga der var programmet Match of the Day, eit magasinprogram bygt opp omkring ein av kampane i runden, og med innslag frå dei andre. Programmet vart sendt seint laurdag kveld, fleire timar etter at kampane var slutt.

Match of the Day var opprinneleg eit program på ”reservekanalen” BBC2, og skulle først og fremst gi tv-folka erfaring framfor det tilstundande VM i England i 1966. Men programmet vart raskt så populært at det rykka inn på BBC1, og har eksistert i ulike former heilt fram til i dag.

Først i 1983 vart det regelmessig sendt ligafotball direkte på britisk tv. Tottenham og Nottingham spela den historiske kampen 2. oktober det året.

Og her i Norge?

Som i andre land var det også motstand frå forbund og klubbar om tv-sendingar. VM-sluttspela, FA-cupfinalene og europacup-finalene var lenge einaste direkte-tilbod, så kom dei engelske tippekampane frå 1969. Etter kvart vart også cupfinalene sende direkte.

Men først i 1986 vart den første seriekampen direkteoverført. Tromsø – Viking 3. mai var den historiske kampen.

For øvrig kan denne bloggar opplyse at hans første direkte-kamp på tv var FA-cupfinalen i 1966. Sheffield Wednesday leia komfortabelt 2-0 midt i andre omgang. Så scora Mike Trebilcock to raske og Derek Temple eitt, og Everton vann 3-2. Det var imponerande, og det har sett sine spor.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *