Kva med Europa, Norge?

No er vi i gang igjen. Med norske klubbar i Europa. Det betyr stort sett eit par kvalik-rundar midtsommars, deretter er det berre å setje seg ned for å sjå på dei andre. Kvifor er det slik?

For om vi ser bort frå Rosenborgs imponerande rekke av meisterliga-sesongar på 1990- og 2000-talet er blemmene langt fleire enn høgdepunkta i norsk e-cup-historie.

Rosenborg, Strømsgodset, Vålerenga, Aalesund og Tromsø – kan vi håpe på ein norsk e-cup-sesong over gjennomsnittet i haust?

Norsk e-cup-historie begynte med ein sensasjon. Fredrikstad var det første norske laget som deltok i serievinnarcupen – forløparen til meisterligaen – på seinsommaren 1960. Og i aller første runde trekte dei ingen ringare enn nederlandske Ajax.

Første kamp gjekk i Fredrikstad den siste kvelden i august. Ajax la seg bakpå, men var effektive på kontringane, og leia 2-1 ved pause. Willy Olsen hadde heda inn utlikninga frå FFK, men minuttet etterpå var Ajax på nytt i leiinga.

Men FFK hadde ingen grunn til å gi opp, og det gjorde dei ikkje heller. Dei første 20 minutta av 2. omgang leverte FFK noko av det beste spelet noko norsk lag hadde levert til då. Per Kristoffersen, Arne Pedersen og Bjørn Borgen snudde kampen totalt, og FFK leia plutseleg 4-2. Over Ajax!

Ajax forstod omsider faren, samstundes som FFK la seg tilbake. Det gav redusering for hollendarane, men ingen utlikning trass enormt press på slutten.

4-3 over Ajax var ein skrell i seg sjølv. Men ville det halde? Rettnok fanst det ingen bortemålsregel på den tid. Men ingen gav FFK rare sjansen i den nederlandske heksegryta onsdagen etter.

Ajax la i veg med eit enormt press, og skapte den eine sjansen større enn den andre. FFK-keeper Per Mosgård hadde ein av dei heilt store kveldane, og mot alle odds heldt han buret reint. 0-0 var godt nok. Første norske opptreden i ein av europacupane hadde gitt ein bragd.

I neste runde kom FFK og norsk klubbfotball hardt og brutalt ned på jorda igjen. Motstandar var danske Aarhus. Fredrikstad tapte 0-3 borte og 0-1 heime og var ute. Det var meir typisk norsk.

Lyns kvartfinale mot Barcelona er bragda framfor noko i cupvinnarcupen. Kampane mot sjølvaste Barcelona i januar/februar 1969. Lyn hadde sin beste sesong nokonsinne i 1968, med siger i både cup og serie. Og i Europa lukkast dei også.

Etter 1-3 borte og 4-1 heime mot tyrkiske Altay, og 2-0 heime og 2-3 borte for svenske Norrköping i neste, venta sjølvaste Barca i kvartfinalen. Barcelona var då som no eitt av Europas beste lag, dessutan gjekk begge kampane i den katalanske storbyen. Rett og slett fordi det ikkje var mogeleg å spele fotball i Noreg midtvinters.

Torsdag 30. januar spela Lyn ”heimekampen”. Barcelona spela, men Lyn kjempa. Ved pause låg Lyn under berre 1-2, etter Harald Bergs redusering i sluttminutta av omgangen. Og ti minutt før slutt scora Berg igjen og reduserte til 2-3. Det vart også sluttresultatet.

Sensasjonen var eit faktum. Tap på berre 2-3 var nesten ufatteleg. – Dette var betre enn eg hadde våga å håpe, sa Lyns lagleiar Jan Myhre lakonisk.

Men Lyn overgjekk seg sjølv i returkampen nokre dagar seinare. NRK hadde også funne ut at dette var ei begivenhet verdt å satse på, og hadde sendt den legendariske radioreporteren Bjørge Lillelien til Spania for å direkte-overføre siste del av kampen, denne onsdagen den 5. februar, medan snøfonnene låg meterhøge her heime.

Vi som skrudde på radioen eit stykke ut i kampen, trudde knapt det vi høyrde: Lyn leia 2-0 eit godt stykke ut i andre omgang. ”Kallen” Johanessen hadde scora etter ein halv time, og Barcelona-spelarane vart møtt av ein saftig pipekonsert då dei kom ut etter pausen. Heimepublikum var svært misnøgde.

Og misnøyen blant heimefansen steig til uante høgder då ”Kallen” på nytt scora like etter pausen. Med 2-0 var Lyn vidare. Kvarteret før full tid var det framleis 2-0.

Dessverre heldt det ikkje heilt. I det siste kvarteret sprakk Lyn-forsvaret, keeper Svein Bjørn Olsen måtte kapitulere to gonger, og det enda 2-2.

I siste minutt kontra Lyn, og Jan P. Austnes avslutta med ei heading like over tverrliggaren. Mål der hadde gitt 3-2 og omkamp, slik reglane var då. Så langt var Lyn frå ein tredje kamp i Barcelona.

Men Lyns Barcelona-eventyr vinteren 1968/69 er uansett eit høgdepunkt i norsk europacup-historie.

Og seinare har det ikkje vore serleg mange, om vi ser bort frå Rosenborgs imponerande statistikk.

Molde er einaste norske laget utanom Rosenborg som har spela gruppespel i meisterligaen. Det skjedde hausten 1999.

Eg sat på ein bar på Mallorca den kvelden Molde spelte avgjerande returkamp mot nettopp Mallorca i kvalifiseringa. Andreas Lund sette inn Moldes mål på straffe rett før slutt, og kampen enda 1-1. Molde gjekk til gruppespelet på bortemål, Mallorca var slått ut.

Det var bartenderen og. Han sette seg ned og stura, såg rett i veggen. Mallorca er heller ikkje bortskjemd med deltaking i europeiske turneringar, og her sløsa dei vekk sin beste sjanse nokonsinne. Sesongen var over før den var komen i gang. Mannen var utrøysteleg, det same var mange av stamgjestene i baren.

Då eg omsider kom i kontakt med mannen bak disken – det tok si tid, for verda hadde verkeleg rasa saman for han – kunne eg fortelje han at taparen i den siste kvalifiseringsrunden til meisterligaen, ville få plass i UEFA-cupen (den som no heiter europaligaen). Det var nytt i 1999.

Det hjelpte. Mannen lyste opp. Europa-spel for Mallorca likevel? Ikkje blant dei beste, rettnok, men i alle fall… Han spurde fleire av stamgjestene for å få det stadfesta. Ja, det stemte nok, fleire hadde fått med seg dei nye reglane.

Eit kvarter seinare var stemninga igjen god i den vesle baren. Verda låg ikkje heilt i ruinar likevel, Mallorca skulle møte europeiske lag. Og om tre dagar skulle det vere ligastart mot Real Madrid… Han spanderte ein runde på alle.

Men er det berre eg som har ei kjensle av at Europa ikkje er like viktig for norske klubbar som for bartenderen på Mallorca? At det er viktigare å vere god i Norge enn å satse på Europa. Kvifor når lag frå Romania, Sveits, Danmark, Kviterussland og Kypros langt i kvalifiseringa, av og til heilt til gruppespelet i Europa-turneringane, medan norske lag oftast må gi seg tidlig?

Er det nokon grunn til at det må vere slik?

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *