Gørrkjedelege Rosenborg! (men det var då, det)

George Curtis hadde en klar oppfatning om hvordan fotball skulle spilles

Likar du offensiv og angrepslysten fotball? Og er du oppvaksen med at Rosenborg er beste norske garantisten for det? Slik har det ikkje alltid vore. For den mest defensivt prega sesongen i norsk toppfotball høyrer også Rosenborg til. Det verste er at dei nesten klarte å ta gull med det også. Men to brødre frå Drammen greidde å hindre det til slutt. Heldigvis.

 

 

 

I 1969 og 1970 hadde Rosenborg engelske George Curtis som trenar. Han hadde suksess, men den var bygt på ultra-defensiv organisering.

 

Curtis førte laget til seriegull i 1969, to år etter at klubben hadde tatt sitt første. Men han vart sterkt kritisert for sin kjedelege spelestil, i skarp kontrast til Rosenborgs lystige angrepsfotball to år tidlegare. Dette trass i at Rosenborg scora 36 mål på 18 kampar det året. Men det var fordi dei framleis hadde spissduoen Odd Iversen og Harald Sunde på laget.

 

Så reiste Iversen og Sunde til proffspel i Belgia. Curtis’ svar var ikkje å prøve å erstatte dei to, men å mure endå tettare att bak.

 

Dermed vart Rosenborg anno 1970 verre enn verst og hat-laget framfor nokon for alle som likar offensiv fotball. Etter 16 serierundar, to rundar før slutt, leia RBK serien, men med fattigslege 12-3 i målforskjell. Tre gonger hadde dei tapt 1-0, på dei 13 andre kampane hadde dei  3 x 2-0, 6 x 1-0 og 4 x 0-0. Åtte heimekampar hadde gitt totalt 7-1, åtte bortekampar 5-2 i målforskjell.

 

Effektivt, men dørgande kjedeleg. Slikt bør ikkje gi gull, meinte stadig fleire av oss. Du måtte vere nokså innbarka Rosenborg-supporter for ikkje å mislike det.

 

Rosenborgs motsats i 1970 var Strømsgodset, som var mestscorande med 33 mål på dei 16 kampane. Og i den 17. og nest siste runden møttest laga på Marienlyst i Drammen.

 

Sjølv om serien var rekordjamn – halvparten av dei ti laga kunne framleis vinne – forsto dei fleste av oss at det var denne kampen som truleg ville avgjere det heile.

 

Første omgang gjekk som venta. Framfor over 15.000 tilskodarar gjekk Strømsgodset til angrep etter angrep, men skapte få store sjansar mot Rosenborgs panservern av eit forsvar.

 

Men bak mange av Strømsgodsets scoringar låg brødrene Steinar og Ingar Pettersen, det fekk Rosenborg merke i andre omgang. Berre nokre sekund var spela då Ingar dempa eit innlegg vakkert på brystet og smelte ballen i mål. Han avgjorde i realiteten kampen og seriemeisterskapet der og då.

 

For det ultra-defensive Rosenborg-laget visste ikkje kva dei skulle gjere for å omstille seg. For fjerde gong den sesongen kom dei bakpå i målprotokollen, og i alle dei tre første hadde dei tapt 1-0. Håpet om at den destruktive fotballen ikkje måtte få suksess, auka.

 

Og det heldt. Fem minutt før slutt utnytta Steinar ein sjeldan glipp i RBK-forsvaret og punkterte kampen med 2-0, akkompagnert av eit kollektivt brøl frå dei 15.000 som nesten kunne høyrast heilt til Lerkendal….

 

Det høyrer med til historia at HamKam overtok serieleiinga etter denne runden, for så å bli banka med 3-0 av Rosenborg i siste runde – i ein kamp der Rosenborg for første og siste gongen det året fekk fart på angrepsspelet. Total målforskjell for Rosenborg vart dermed 15-5 på 18 kampar. Til og med nedrykkslaget Skeid scora fleire enn det, berre den desiderte tabelljumboen Pors scora færre.

 

Samstundes slo Strømsgodset Skeid og sikra seg sjølv seriegullet – det første og hittil  siste for Godset. Og Godset scora 36 mål…

 

Og Curtis? Han slutta i RBK etter den sesongen, og vart landslagstrenar for Norge fram til 1974. I 1976 var han tilbake i Rosenborg, og fekk sparken sju serierundar før slutt. Men det er i grunnen ei heilt anna historie. Og Rosenborg har jo på alle måtar tatt igjen den offensive fotballen i åra etterpå. Men det er også ei anna historie.

 

Uansett var det godt det gjekk som det gjorde i 1970. Ingen bør bli seriemeister med mindre enn ei scoring i snitt pr kamp. Ikkje sant?

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *