Langs elv og sti

Morgonstemning i Saint-Circ Lapopie

Morgonstemning i Saint-Circ Lapopie

I går køyrte eg meg heilt ut. For å få litt forandring leigde eg ein kano frå Marcillhac-sur-Cèlè til Cabrerets. 20 km padla eg på den stille elva, fire timar. Trudde at det kosta meg svært lite, men då eg i 26 varmegrader tok beina fatt, fekk eg merke at ein del krefter var nok brukt opp, ja. Dei første to timane gjekk i hardt tempo, men dei siste to kilometrane inn til Saint-Circ Lapopie gjekk seint. brått kom eg til eit skilt der det sto at det var 200 meter igjen. Eg fekk los, og sprengte oppover ein bratt sti. Etter kvart gjekk det opp for meg at dei 200 metrane gjaldt nok høgdemeter. Eg smelte hovudet rett i veggen så det small, og to gonger måtte eg stoppe og få att pusten.

Då eg kom fram klokka kvart på åtte, etter ti timar på farten, var eg så dyvåt, vaklande og skjelvande at hotellvertinna og dottra hennar storma til og rett og slett hjalp meg opp på rommet med ein kald halvliter, og så bar det rett i dusjen, og ned på uterestauranten til ein fem retters middag. Eg kom berre til fire, før desserten måtte eg rett og slett gå og legge meg.

Men padleturen var fin:Dette er også (litt) mosjon

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *