Opp og ned

No skjønar eg kvifor den masete verten ville at eg skulle velje varianten (som betyr alternativ rute) gjennom Cèlè-dalen. I dag kom idyllane som perler på ei snor. Men det vart ein hard dag: Skrenten på bildet (150 høgdemeter) gjekk eg opp og ned tre gonger i dag.

Sjekk den lange skuggen min. Bildet er tatt 0700 om morgonen, ti minutt seinare var eg på farten.

Sjekk den lange skuggen min. Bildet er tatt 0700 om morgonen, ti minutt seinare var eg på farten.

Eg var litt spent på korleis motbakkane skulle bli, med 16 kilos sekk, og ei sol som raskt varma opp landskapet. I den første bakken opna eg sakte, og plutseleg var eg oppe. I den andre kjørte eg på frå første høgdemeter, låg vel på det eg vil tru er 85 – 90 % av makspuls, og koste meg den halvtimen det tok å komme opp.  No sweat, heldt eg på å seie, men det ville vere ei grov løgn. Drakk 3 liter vatn i dag. Pluss to liter vatn o.l. ved ankomst. Har ikkje tissa førebels.

Men i den tredje bakken var temperaturen komt opp i 22 grader, stien låg midt i solsteiken, det var ikkje eit vindpust, og den kosta. Må innrømme det. Men eg greidde å halde godt tempo opp heile den og. 17 km totalt i dag, ein god del opp og ned i tillegg til dei omtalte bakkane, og i ettermiddag var eg der at eg var heilt nøgd med å sitje og sjå kleda mine tørke på tørkestativet.  Og var det ein vakker tur? Sjekk videoen (OBS: Skjelving. Tom for blodsukker):  Tøysevideo frå den vakre Cèlè-dalen

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *