Pasienten

Eg møtte han i Faycelles, ein vakker ung mann, som sat så idyllisk til på ein mur med utsikt over Lot-dalen, at eg måtte berre ta bilete av han. Men sjekk det fottøyet: Badetøflar. Han hadde ikkje andre sko enn det.

Eg møtte han att på campingplassen, seks kilometer seinare. Då var det eg såg det: han gjekk ikkje heilt som andre folk. Han sette seg på ein stol, kippa av seg tøflane, og det var som om føtene hans var spedalske. Svære blemmer taut fram or skiten alle stader, det såg heilt fælt ut.

– Har du gått i dei skoa der? spurte eg. Jau, det hadde han.

– Kor langt? Frå Conques. (51 kilometer).

– Og andre sko har du ikkje?  Nei, han hadde ikkje hatt andre sko på mange år.

ANAMNESE (Det er sånt som legar skriv):

Pasienten er ein 38 år gamal kvit mann. Han har gått 51 km i badetøflar. Det kan tyde på at det er noko alvorleg gale inne i hodet hans og, men det får være ei sak for primærhelsetenesta. ved konsultasjon viser pas. fleire alvorlige uttredelsar på høgre og venstre fot.

Behandling: Vaska grundig med vatn og såpe, rensa med alkohol (Jonnhy Walker 12 years old, 40 %) Punkterte alle blemmer, let lufttørke i to timar. Sendte pas. til sengs med eit strøk bacimycin på alle angrepne område. neste morgon: Punkterte gjenoppbygde blemmer, let tørke 1/2 time, plastra alt med Compeed. Ordinerte taxi til nærmaste by for å kjøpe sokkar og (minst) joggesko. Pas .påtruffen om ettermiddagen med smil om munn.

Sjekk fottøyet. Ein dreven vandrar.

Sjekk fottøyet. Ein dreven vandrar.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *