Full forvirring i 17. maitoget

Eg helte litt sukker på yoghurten, og då smakte det nesten som rømmegraut.

Eg helte litt sukker på yoghurten, og då smakte det nesten som rømmegraut.

Det begynte allereie ved oppstilling til morgontoget. Musikkorpset var ikkje der, skuleelevane hadde visst gløymt det, det var faktisk berre eg som stilte opp. Klokka halv ni tromma eg ein liten oppmarsj på gelenderet, og så begynte eg å marsjere. Men då kom verten springande ut: Eg hadde gløymt å skrive i gjesteboka.

«Hanen stend på stabburshella, bonden gjeve honom konn», skreiv eg, eg var litt sånn i det nasjonalromantiske hjørnet der og då.

Så peiste vi i gang morgontoget, eg og..ehh, ja det var vel berre meg. Flagg hadde eg ikkje. Eg hadde tenkt å teikne meg eit, men verten hadde berre blå kulepenn, og kor eg enn prøvde, så vart flagget berre finsk.

Så begynte forvirringa. Planen var å følgje nokre slike raude og kvite merker som står både her og der langs vegen, men brått var det ingen som hadde sett dei på ganske lenge. Vi (eg ) kom til eit kryss, og då vart det jo heilt håplaust. Ingen merker nokon stad. Eg traff på eit konkurrerande 17. maitog, beståande av to gamle røyer frå Canada, som var så forvirra at dei visste ikkje kva vi feira ein gong, og langt mindre kor vi skulle.

– Stå her, sa eg, og så skal eg gå ein kilometer bortover vegen her, og så ein kilometer bortover vegen der, og så skal reg sjå om ikkje eg finn merka. Då eg kom tilbake frå den første avstikkaren, hadde dei stukke av. Så gjekk eg ein kilometer den andre vegen og, utan å finne merker der heller, og så gjekk eg rett og slett ein kilometer tilbake den vegen eg først kom, og då fann eg merka. Leiinga i toget hadde nok oversett at ruta brått dreia rett venstre ved ein gamal gard. Eg bestemte meg for å la saka ligge.

Så peiste vi på ein tre timars tid. Det var litt underlig utan hornmusikk, men eg song no ein liten trall når det vart litt for stilt. Så kom eg til ein bondegards-utekafe.

– Har du rømmegraut og spekemat, sa eg. – Ahhh, le menu, sa dama og kom att med ei suppe som lukta sterkt av krydder, ei litt samankokt eggerøre, og ein youghurt. Eg stappa det i meg, pusta ut i nokre minuttar, og så peiste eg i gang med sjølve folketoget, ti kilometer inn til Figeac. Då eg kom fram hadde eg gått 24 km, og eg syntest eg kunne unne meg eit lite «hurra!».

Og der sat dei to canadiske røyene, og hadde alt dusja og skifta og sat på uterestauranten og drakk vin. Tok sikkert taxi. Eg nemnte ikkje på det.

Akkurat. det var det eg syntest, at det lukta litt kvitlauk av suppa. Eg har vel ein ande som konkurrer med oskeskya på Island.

Akkurat. Det var det eg syntest, at det lukta litt kvitlauk av suppa. Eg har vel ein ande som konkurrer med oskeskya på Island.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Full forvirring i 17. maitoget

  1. Per Anders sier:

    Eg er stolt over broren min.

  2. Joar Sande sier:

    17. maitog med mange deltakarar kan vere vanskeleg å organisere..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *