Stiv og støl

Eg sit ved pc’en og skriv no. Det er det einaste eg kan gjere utan store smerter. Eg er så støl at eg må ake meg ned trappa.

Første påskedag gjekk eg på Hafstadfjellet for første gong i mitt liv. Kva vil folk der oppe, har eg tenkt. Gå opp ein bilvei? Noko så kjedeleg? Og det tenkte eg faktisk ei lang stund på vegen opp. Men idet vi svinga rundt austhjørnet på fjellet, og gjekk ryggen opp mot masta, endra oppfatninga seg dramatisk: Dette er majestetisk. Intet mindre. FOR ein tur! Artig og, å kjenne at idet den isnande vinden røska tak i den tynnsletne T-skjorta mi, så hadde eg faktisk kapasitet til å nesten småjogge opp heile ryggen for å halde varmen.  Gekk turen til toppen  relativt lett, vil eg seie, på 1 t 41 minutt.

Men så begynte nedturen, og nokså snart gjekk det opp ein ting for meg: Når du går på ski ein heil vinter, så får du veldig lite trening i å takle unnabakkar. Når du så veg 125 kilo +, så er det kanskje ikkje så lurt å starte med ei 600 meter nedstigning første turen. Lårmusklane sto som felestrengar, og halvvegs ned måtte eg stoppe og prøve å tøye ut. Heilt nede var låra som stål. Eg tøygde ut i ti minutt, tok badstu om kvelden og masserte grundig, men i dag har eg såvidt kunna gå. Prøvde å sykle rolig i tjue minutt for å mjuke opp litt, men det hjalp lite. Og lærdom frå tidlegare er at det er verst andre dagen. Skal tru korleis det blir. Huff og huff.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Stiv og støl

  1. Kjempebra . Du inspirer mange . Har du hørt om Ingvar Andersen, Puls. Du kan begynne og trimme andre. Tenk på det . Lag et program der DU får med en gjeng som trenger trimme . Få de igang.. Måten du forteller, gjør det både interessant og kjekt å følge. Bare det du sier med å sykle rolig , og at det ikke hjalp. Hvem andre enn du sier det ( gjelder sikkert for mange , men de sier ikke ett ord) Det er en flott blogg , vi følger med. Stå på

  2. Det er helt topp og lese bloggene dine . Tror du må begynne å trene folk . Fantasktisk, gleder meg til neste innlegg :O) STÅ PÅ

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *