Kjøttsår

Fredag 26. februar: I dag gjorde eg rett og slett stygg skade på meg. Det begynte med at eg fekk med meg to av døtrene mine på å gå rundt Fauskestølen. Sol, ein herlig dag. På veg innover flyplass-myrane (etter ca. 3 km) kjenner eg at eg har gjort noko dumt: Eg har tatt på meg ein litt gammal lang-undik, som har vore vaska så mange gonger at han er begynt å bli nuppete. Og ettersom kroppen min er slik skapt (dette har eg oppdaga gjeld visst andre og) at låra mine tek borti kvarandre når eg går, så er desse nuppane begynt å raspe litt i huda mi. Dette er eit gamalt og velkjent problem, som gjer at eg kjøper nye langundikar ganske ofte. Det er og viktig at dei er nyvaska, og med vaskemiddel utan parfyme. (OMO color sensitive, for dei spesielt interesserte).  Det gjer ikkje veldig vondt, men eg seier til døtrene mine at dersom dette blir verre, så må vi snu.

Det går greitt til vi er komne ut til Fauskestølen (7,6 km på veg, så vidt eg hugsar), men no begynner det å kjennast godt. Det er antakeleg godt og raudt der nede allereie. Eg ser ikkje etter.  Det er tross alt andre i løypa. Men snu no? No, når det nesten berre er å gli inn til Gjøsetstølen? Nei, vi går vidare. Det skulle eg nok ikkje gjort. Når vi kjem fram til Langeland, kjenner eg at det brenn mellom beina mine. (Og dette er ikkje eit bilete på noko som har med mann og kvinne å gjere).  Vel heime er eg så sliten at eg må gå og legge meg litt. Eg står opp etter tre kvarter, og då er smertene store. Eg kan såvidt gå, og det berre ved å kreke meg rundt på ein ekstremt breibeint måte, som om eg stadig vekk skreva over ein litt høg krakk. 

Eg kjem ned i stova. Klokka er halv seks. Dotter mi, Rose, skvett opp av sofaen og hoppar rundt:

– Skal eg begynne å kle på meg?

– Ja, kvifor det?

– Til slalombakken, vel? Ho ser trist og sjokkert på meg. Har eg gløymt at eg har lova å være med, når ho i kveld skal i slalombakken for første gong i sitt liv, med snowboardet vi har kjøpt i dag? 

Og det hadde eg. Men det er ikkje det eg seier. Eg seier:

– Du, eg må ha meg ein liten kaffikopp først. Ho forstår det.

020320101308

Salami er i grunnen rått, salta kjøt utan hud. Akkurat som låra mine.

No er gode råd dyre. Ikkje kan eg gå, det renn kanskje blod nedetter beina mine, og eg bli med i den slalombakken. Den skuffelsen kan eg ikkje påføre ho. Dette kan ikkje kona mi gjere, å få ein nybegynnar på snowboard opp eit tautrekk, det krev ein person som har litt erfaring med slikt. Kva skal eg gjere? Blikket mitt fell på medisinveska mi. Der ligg det ei tube med bedøvelseskrem. Eg tek ein liten handfull, går ut på badet og sausar kremen utover skadeområdet. Ei nummen kjensle brer seg i dei nedre regionar. Etter eitt kvarter er eg heilt følelseslaus.

– OK, Rose, seier eg, no fer vi i bakken!

Og så gjer vi det. Ho dett og ho dett, og ho klorer seg oppetter trekket, og eg baskar meg etter, opp og ned den bakken i ein og ein halv time. Eg som har gått Fauskestølen to timar tidlegare. Til slutt greier ho seg sjølv, og eg fer heim. God og sliten.

Eg tenkte på å legge ved eit bilete av skaden, men av estetiske hensyn måtte det utgå. Men eg har tatt eit bilete av ei snei med salami. Det er i grunnen ikkje så stor forskjell.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *