– Pappa Åberg er ei motvekt til dagens «curlingforeldre»

Foto: www.alfons.se/Gunilla Bergström

I førti år har Albert Åberg budd i ei blokkleilegheit saman med pappaen sin, som røykjer pipe og sjeldan blandar seg inn i Albert sine saker. Er han eit førebilete for pappaer i dag?

– Pappa Åberg er heilt ulik det idealet foreldre i dag strebar etter. Han sender ikkje sonen rundt på eit utal aktivitetar, og han les heilt sikkert ikkje bøker om barnepedagogikk, trur psykolog og psykoterapeut Per Naroskin.

Er ingen curlingpappa

– Han er ikkje så frykteleg «på» som foreldre er i dag, han skal ikkje absolutt blande seg inn i det Albert driv med og kontrollere oppveksten hans. Han slappar av, og let gutungen halde på og prøve og feile for seg sjølv, seier Naroskin.

– Slik sett liknar pappa Åberg ikkje på det vi kallar curlingforeldre i dag, altså slike som med liv og lyst kostar vegen rein og tornefri for ungane sine, meiner han.

Onsdag 23. mai kan du høyre Gunilla Bergström og Per Naroskin i samtale i Kulturhuset på NRK P2, som vier ein heil time til klassikaren Albert Åberg.

Les avis og røykjer pipe

Lesaren får vite lite om pappa Åberg. Han har nokre hårstrå som stikk ut på kvar side av hovudet, han går ofte kledd i ein tjukk, brun genser med kvit skjortekrage inni, og nedst ved dei brune buksebeina har han som regel på seg mørk grøne tøflar.

Pappa Åberg liker å lese avisa, røykje pipe og sjå på tv. Han har ei mor som kjem på besøk i blant, men mor til Albert høyrer vi aldri om. Kva pappa Åberg arbeider med, kva venner og interesser han har er ukjend.

Naroskin synest det er fint at det er slik.

– Dersom vi hadde visst at han var lege, rørleggjar, paparazzifotograf eller, gud forby, psykolog, ville vi ha lese bøkene heilt annleis, som ein slags instruksjonsbøker, meiner Naroskin.

Foto: Scanpix/Gunilla Bergström

Pass deg for saga!

Pappa Åberg instruerer sjeldan sonen i noko som helst. Når Albert skal byggje seg ein flygemaskin i tre midt i stova, sit pappa i godstolen og følgjer tilsynelatande med berre med eit halvt auge når Albert hamrar og slår saman spikar og plankebitar.

Bakafrå avisa kjem nokre ringar med røyk og eit mumlande:

– Pass deg for saga…!

Men Albert sin «mamma», forfattar Gunilla Bergström, meiner det er naivt å tru at pappaen dimed melder seg ut av sonen si utvikling og oppseding.

– Han har tillit nok til seg sjølv som forelder til å setje seg til rette med pipa og avisa, men han er alltid klar til å gripe inn dersom det trengst, seier ho.

Kalte pappa opp etter onkel

Pappa Åberg var lenge namnlaus, men for ti år sidan døypte Bergström han Bertil. Det var namnet til ein onkel ho likte så godt då ho var liten.

– Han var slik ein lun, roleg og morosam person, så eg tykte namnet høvde godt til Albert sin pappa, seier Bergström.

Har aldri hatt stylist

Naroskin meiner Bertil Åberg er eit førebilete for andre fedrar, inkludert han sjølv.

– Han er heilt avslappa og prøver ikkje å vere noko han ikkje er. Det ser ein tydeleg på kleda, ingen stylist har nok nokosinne vore borti han, ler psykologen.

Skal ikkje vere førebilete

Om pappaen er eit førebilete for sonen, må vere heilt opp til Albert, synest Bergström.

– Eg trur det går veldig gale når foreldre prøver hardt å vere gode førebilete for ungane sine. Det er barnet sjølv som må tenkje ’å, for ein fin person, slik vil eg også bli!’, meiner Bergström.

Vi vil gjerne høyre di meining: Kva farsfigur frå litteraturen hugsar du best?

Dette innlegget ble publisert i Barn og ungdom og merket med , , , . Bokmerk permalenken.

23 kommentarer til – Pappa Åberg er ei motvekt til dagens «curlingforeldre»

  1. Tonje sier:

    Den svikande faren til Trond i Per Petterson sin roman «Ut og stjæle hester».

  2. magne rønningen sier:

    Barbapappa!! Han kan forandre form!

  3. Sidsel sier:

    Farbror Melker i Vi på Saltkråkan.

  4. Jakob Arvola sier:

    Faren til Saaby Christensens Herman, i Bjørn Flobergs varme tolkning.

  5. Ingunn Rauk sier:

    Så flott å bli mint på så mange pappaer frå litteraturen! Er det fleire fedrar frå «vaksenlitteraturen» som har sett seg i minnet?

  6. Faren til Pippi Langstrømpe er definitivt den aller beste farsfiguren i barnelitteratur. En real NEGERKONGE! Fantastisk 🙂 Jeg syns han var sååå kul og spennende da jeg var liten og leste bøkene og så filmer. Han var liksom… så stor og sterk og bra!

    Selv om han ikke er en FAR, så… men bestefaren i Charlie og Sjokoladefabrikken er jo også fantastisk, han som er med Charlie på fabrikken. Helt utrolig morsom og kul figur!

    Skulle ønske det ble skrevet slike barnebøker fremdeles…. Gjør det det? Jeg savner Roald Dahl, Anne-Cath Vestly og Astrid Lindgren på skolene – nå leser de bare Twilight(ja 3. klassinger leser Twilight) og andre «masseproduserte» historier. (Alle historiene er for meg like..)

  7. Minerva sier:

    Husker pappan til Ronja Røverdatter, jeg.
    Som til å begynne med ikke helt SER hennes ønsker og behov, men til slutt åpner øynene og aksepterer at hun er et selvstendig individ med egen vilje.
    Og at han elsker henne samtidig som han gir henne frihet til å prøve og feile, er jo helt klart. 🙂

  8. Tilbaketråkk: – Pappa Åberg er ei motvekt til dagens «curlingforeldre» | Bokbloggen « leselysten.com

  9. Erik sier:

    Etter hva jeg husker fra bøkene så ble også pappan til Albert med på leken avogtil.
    Tror uansett at det viktigste er at man faktisk er tilstedet når man er sammen barna. Det betyr jo ikke at man må være sammen med dem hele tiden. Barn liker jo ofte å utforske selv, kanskje enda mer når de føler at tryggheten er rett rundt hjørnet om de trenger den.

  10. AE sier:

    Ikke alltid det er så mye foreldre inne i bildet, ungene må greie seg på egen hånd..

  11. Lillima sier:

    Farsfigur fra barneliteraturen? Får seg si pappaen til Pippi? Han var jo sjørøver!

    • Latsabb og slabbedask sier:

      Hopalong Cassidy var min helt…

    • oborgen sier:

      Faktisk ikke. Han var negerkonge og (sjø)kaptein, men ikke sjørøver.

      • Dag A. Torp sier:

        negerkonge a gitt….

        pass deg nå, så ikke politiskkorrekthetspolitiet kommer å tar deg…

        🙂

    • Minerva sier:

      Men han var jo HELT fraværende, dukket bare opp en gang i ny og ne, for så å forsvinne igjen.
      Synes kanskje ikke helt DET er farsidealet heller – hilsen en som vokste opp med sjømannsfar. 😉

  12. Erlend sier:

    Farsfigur fra litteraturen? Jeg kan si Mummipappa, for jeg har lest bøkene 😀

  13. Robert Mørch sier:

    Mummimamma og mummipappa som lar mummitrollet «gå seg vill» uten å blande seg inn. De lager bare kakao og spør hvordan det gikk når han kommer hjem om kvelden.

  14. Mattias sier:

    Gah han heter Alfons!

  15. Aud Andersen sier:

    Faren til Emil i Lønneberget

  16. Regine sier:

    Kvar er likar-knappen? Eg likar dette innlegget. Helsing 88-modell som mellom anna vaks opp med både sag og hammar oppi trehytta.

  17. magnas sier:

    Artig at dette kom opp no som eg held på å lese boka Hässelby av Johan Harstad om korleis det gjekk med Albert Åberg som vaksen. Barnehagereforma og seksåringane i skulane har nok gjort, at borna er mindre sjølvstendige. Alt vert lagt til rette. Kanskje er det på tide at borna kan få gjere meir sjølv. Klatre i tre osv., som vi gjorde på 1970-1980-talet.

    • Knerten sier:

      *spoiler* Tenkte på den når jeg leste artikkelen. Men det går vel strengt tatt ikke så bra med verken Albert eller faren i Hässelby. *spoiler*

  18. Ingri sier:

    Jeg husker Sjur Gabriel godt, som finner mening i å være forelder for Vesle-Gabriel på en helt annen måte enn Oline gjør.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *