Norge mangler ein industripolitikk slår Thor Oscar Bolstad fat. Han er ingen kven som helst i næringslivet i Telemark: sjef på Herøya industripark og tillitsvalgt i NHO Telemark og Telemark gassforum.
Konsekvensen av den manglande industripolitikken er at den petrokjemiske industrien eer flagga ut, og viktig infrastruktur som gassrør, vei og bane er ikkje bygd ut slik politikarane har lova i valgkamp etter valgkamp.
På syttitalet sette nokre framsynte politikarar i gang petrokjemiutbygginga i Bamble. Den gongen var det svært omstridd, men det har gjennom over tretti år vore mange hundre trygge og gode arbeidsplassar, og ikkje minst: Den største landbaserte satsinga på foredling og verdiskaping av norsk olje og gass I NORGE.
Politikarane i dette årtusenet tenker ikkje på same måte. Petrokjemi og anlegga rundt Frierfjorden er uinteressante for norske industriselskap og for den norske staten, anten regjeringa heiter Bondevik eller Stoltenberg.
Nå har utanlandsk kapital fått hand om ressursane som kvar dag strøymer inn til Bambleanlegga. Talet på arbeidsplassar i petrokjemien i Grenland er drastisk redusert gjennom fabrikknedleggingar og rasjonaliseringar dei siste åra. Indrefileten, det vil seie teknologi og kompetanse blir flagga ut til andre land.
Mange spør seg nå kor lang tid det tar før heile produksjonen er flagga ut og petrokjemieventyret i Grenland er over.
Eg tipper at Rafnes og Rønningen-anlegga er nedlagt i 2020!