Valget er over, med stolte vinnarar og såre taparar, også i Telemark. Den største vinnaren er Høgre og Torbjørn Røe Isaksen, som gjenerobrar fast plass på Telemarksbenken og tar eit solid steg framover for å gjøre Høgre til eit like stort parti i Telemark som på landsbasis.
Men fortsatt er det eit stykke igjen: 13,2 % i Telemark, 17,2 i Norge. Men framgangen er større i Telemark enn elles i landet. Merk deg det, Erna!! Me snakkar om ein begynnande Torbjørn-effekt – er på på landsgjennomsnittet om fire år er han god!!
PÅ PALLEN
Arbeiderpartiet tar sølvplassen med solid framgang etter det gode valget i 2005, og gjør sitt beste valg i telemark sidan 1985 – då Ap runda 50% i Telemark. Framgangen sikrar fire nye år for veteranen Sigvald Oppebøen Hansen. Her trur eg me må tilskrive det sterke resultatet at velgerane vil ha stabilitet og fast styring – altså ein Stoltenberg-effekt.
Fremskrittspartiet fekk inn andrekandidat Kåre Fostervold med eit nødskrik – på eit utjamningsmandat som svinga innom Hamadi, Løwer Gurholt, Hjelseth tidleg på kvelden – mens det sto mellom Fostervold og Bekkevold då det nærma seg slutten av teljinga.
Likevel har Frp gjort sitt beste valg nokon gong, og bør notere seg dette som ein seier, sjøl om forventningane nok var endå større på førehand.
FLEIRE TAPARAR
For Venstre er resultatet bare ille. I Telemark eit av dei dårlegaste nokon gong, endå verre at partiet på riksplan falt under sperregrensa og dermed går glipp av utjamningsmandata. SV gjekk kraftig tilbake, og har på ein måt emista det solide grepet partiet hadde på Telemark. Og det dårlege skulevalget gir ekstra grunn til bekymring i SV. Spørsmålet er kor lenge partiet kan leve med regjeringsslitasje.
Kristeleg folkeparti var så nær så nær å kome inn igjen på telemarksbenken, på eit utjamningsmandat. Geir Bekkevold forlot NRK studio på Borgeåsen som Stortingsrepresentant, men vakna opp igjen tirsdag morgon som prest og lokalpolitiker i Skien. Ordningen med utjamningsmandat er noko vilkårleg i det enkelte fylket – det var endringar andre stader i landet som gjorde at Bekkevold falt ut og fostervold kom inn mellom to og tre valgnatta. Men hadde KRF fått vel 900 stemmer ekstra i Telemark, hadde utjamningsmandatet likevel vore sikra.
LITT NED
Senterpartiet holdt stillinga nasjonalt, men gjekk litt tilbake i Telemark. Kan nok tenkas at raud grøne velgarar har tenkt taktisk og stemt Ap for å sikre tredjemandatet. Sp slit fortsatt med å få gjennomslag i byane, då hjelper det lite å sanke tosifra med prosentar i bygdene.
Rødt med Asgeir Drugli hadde spent forventingane – i alle fall retorisk – ganske høgt, og landa ikkje så langt frå i same nedslagsgropa som sist. Likevel: 1,2 prosent er noko av det beste partiet har fått i Stortingsvalg i Telemark. Men Drugli hadde nok forventning om noko meir enn 3,7 prosent på Notodden.
Og dei fem småpartia som me hørte lite til i valgkampen fekk tilsammen cirka tusen stemmer og ein prosents oppslutning. Verdt bryet?