Venstre, Høgre og valgløfter

Ein høgrepolitiker i Seljord – som ikkje er meir anonym enn at han no står på andreplass på stortingslista til Høgre – kom med eit valgløfte før eit kommunevalg for nokka år sia:

Viss eg blir valgt  til ordførar, så skal eg rødde årntleg opp i kommunen! 

Seljord revyen samme høst la til: Og viss han får tid – så bør han prøve å rødde opp litt heime og.

 Mannen til Tonje Løwer Gurholt forebygger ein slik situasjon, han har altså fått eitt valgløfte frå Venstres toppkandidat: Gurholt får hushjelp viss Tonje vinn valget.

Eit lett etterprøvbart løfte, viss så skulle skje.

Tonje Løwer Gurholt vedgår at ho arva partitilhørigheten. Viss ALLE hadde vore like tru mot opphavet som Tonje, hadde det fortsatt vore mange venstrefolk i Telemark. Partiet har nemlig ei stolt fortid med statsminister, statsrådar og stortingsmenn på rekke og rad. Den siste mannsalderen har Venstre i Telemark derimot vore eit miniparti.

Brumlebassen Sponheim har dratt partiet over sperregrensa igjen,  men Løwer Gurholt og kompani har eit stykke igjen til ein sikker stortingsplass frå Telemark.

Sponheim har gått lenger enn langt i valgløfter i år – han og Venstre skal IKKJE bidra til at Fremskrittspartiet på nokon som helst måte kommer i maktposisjon.

I Telemark fylkesting har Venstre og Frp samarbeidd tett og godt i posisjon nå i fire valgperiodar. Venstres veteran og patriark, Johan Tønnes Løchstøer er valgt til felles borgerleg gruppeleiar med Frps stemmer og Venstre har gitt Frp makt og leiarvervet i fleire utvalg i fylkestinget.

Men det har nok verken Sponheim eller Løwer Gurholt hatt nokken ting med….

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *