Geir Bekkevold blir gjenkjent av ein tredel av velgerane. Det betyr at to tredeler IKKJE veit kven som er den nye Stortingskandidaten til Kristeleg Folkeparti.
Det er er ein ulempe både for parti og kandidat når det skjer eit skifte i toppen. Fordelen til Bekkevold og Krf er at budskapet er godt kjent, deler av det er jo to tusen år gammalt.
OVERORDNA
Livssynet er sjølsagt heilt sentralt for Krf. Partiet er tufta på dei kristne verdiane, og livskvalitet er hovedslagord i denne valgkampen. Partiet har og vore svært tydeleg i debatten om aktiv dødshjelp og har lansert slagordet aktiv livshjelp etter det omstridde landmøtevedtaket i Fremskrittspartiet.
KJERNEVELGARAR
Utfordringa for partiet er jo å nå breiare ut enn til kjernevelgerane som har eit kristent livssyn som ein overordna verdi når dei skal velge parti.
Her står Krf i ein konflikt som til tider har splitta partiet.
Kjell Magne Bondevik og Valgerd Svarstad Haugland var eksponentar for å nå breidt ut, og lykkas med å skape auka oppslutning om partiet. Bekkevolds forgjengarar på Telemarksbenken, Bror Yngve Rahm og Solveig Solli sto på same linja, mens nåverande partileiar, Dagfinn Høybråten er meir ortodoks. Han er på linje med og hentar inspirasjon frå tidlegare partileiar og Israelsvenn Kåre Kristiansen. Geir Bekkevold har utvilsomt stor sans for partileiaren sin, men eg mistenker han for å vere meir på Bondevik/Svarstad Haugland fløyen.
RESULTATORIENTERT
Bekkevold søker løysingar og set ikkje partiprestisje først. Det er gode eigenskapar for å få til resultat ETTER at du er valgt.
Men kanskje han blir for snill og raus, når han seier at det viktigaste er ikkje å få gjennnom Kristeleg folkepartis politikk, men å finne omforente løysingar sammen med andre parti.
Kanskje folk like godt stemmer på dei andre partia då??