I Telemark går SV og Høgre tilbake den siste uka, mens Venstre, Senterpartiet og Arbeiderpartiet går fram. For Frp og Kristeleg folkeparti er det bare små endringar.
Forholdsvis små utslag opp og ned for Høgre og Arbeiderpartiet på meiningsmålingane den siste veka viser at kampen om det femte og siste distriktsmandatet er jamn og spennande. Telemark kan bli eit vippefylke.
Idag ligg det an til å bli som i 2005: tre til Ap og to til Frp, mens utjamnningsmandatet sannsynlegvis går til Høgre eller Krf.
Men bare ein liten forskyvning i Høgres favør – så vil Torbjørn Røe Isaksen vippe arbeiderpartiveteranen Sigvald Oppebøen Hansen ut i kampen om det siste distriktsmandatet.
Då ligg Kristeleg Folkeparti fortsatt godt an til å få utjamningsmadatet, og det kan bli 4-2 fleirtal i borgarleg favør.