Fornying

Han har vore ung og lovande lenge, Torbjørn Røe Isaksen. Nå er Unge Høgre tida over: han vil på Stortinget og ønskjer utvilsomt å vere med og styre landet.

Han virkar klar for det. På velgerundersøkinga i Telemarksendinga og TA i dag skårer han nest best både på å vere kjent blant velgerane, og på tillit. Han blir bare slått av Bård Hoksrud i Fremskrittspartiet, men skårer klart bedre enn både Terje Lien Aasland og  Gunn Olsen i Arbeiderpartiet.

Arbeiderpartiet for sin del slo ned alle forsøk på fornying av listetoppen ved dette valget – dei kjører fortsatt på dei gamle tråvarane som til sammen har 32 års fartstid på Stortinget. Arbeiderpartiapparatet synest dette er trygt og godt – men det kan sjå ut til at velgerane i Telemark meiner noko anna:

Så langt viser meiningsmålingane at Arbeiderpartiets tredjemann Sigvald Oppebøen Hansen må ut – Torbjørn Røe Isaksen rykker inn for Høgre på sikker plass.

45 prosent av velgerane trur Røe Isaksen vil gjøre ein god jobb på Stortinget. Velgerane har meir enn tillit til nykomlingen i Høgre, enn til toppfolka i Arbeiderpartiet, som har styrt landet dei siste fire åra.

Dette er sterke tal for Røe Isaksen, og det viser seg igjen i partimålinga: Høgre har så langt ikkje stort å glede seg over i meiningsmålingar på riksplan, men går fram i Telemark, og ligg nå nesten to prosentpoeng over Stortingsvalget i 2005.

Røe Isaksen er rikskjendisen blant Telemarkskandidatane. Han er den mest refererte og siterte og mest brukte Telemarkspolitikeren utover i landet.

Så kan me lure på:

Blir han ein Telemarkspolitiker eller blir han rikspolitiker når han blir Stortingsrepresentant?

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *