Fortsatt tom verktøykasse?

Arbeiderpartiet gjorde i Unionkampen i 2005 eit stort poeng av at den borgarlege regjeringa hadde tømt verktøykassa – slik at det var uråd å hindre nedlegging av ein lønnsom fabrikk, som Union var.

Verktøykassa skulle fyllast opp med ei ny raud-grøn regjering, blei det sagt.

UTFLAGGING

Me har sett lite til den omtalte verktøykassa på desse fire åra, men registrerer altså at Union blei nedlagt og  gassrøret blir ikkje bygd fordi markedet ikkje ville det. Norsk Hydro fekk fritt selje dei petrokjemiske anlegga ut av landet – til engelske INEOS, som også slo til seg det tidlegare Statoil-eigde Borealis.

I partiutspørjinga i Telemarksendinga mandag 17.8. gjorde Terje Lien Aasland frå Ap det klart at han mislika dette, men at regjeringa ikkje kunne gjøre noko med det.

Hans Ødegård frå Rødt (tidlegare RV), som møtte Aasland i duell, kritiserte dei raud-grøne for manglande styringsvilje og evne, og påpeika at verktøykassa virka like tom som før.

FRAMSYNT

På syttitalet sette nokre framsynte politikarar i gang petrokjemiutbygginga i Bamble. Den gongen var det svært omstridd, men det har gjennom over tretti år vore mange hundre trygge og gode arbeidsplassar, og ikkje minst:

Den største landbaserte satsinga på foredling og verdiskaping av norsk olje og gass I NORGE.

Politikarane i dette årtusenet tenkjer ikkje på same måte. Petrokjemi og anlegga rundt Frierfjorden er uinteressante for norske industriselskap og for den norske staten, anten regjeringa heiter Bondevik eller Stoltenberg.

Nå har utanlandsk kapital fått hand om ressursane som kvar dag strøymer inn til Bambleanlegga. Talet på arbeidsplassar i petrokjemien i Grenland er drastisk redusert gjennom fabrikknedleggingar og rasjonaliseringar dei siste åra. Mange spør seg nå kor lang tid det tar før heile produksjonen er flagga ut og petrokjemieveturet er over.

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *