Barnegøy i fjæra

Sanking.jpg

Kva gjer vel litt regn når det spennande livet i fjæra skal utforskast? Barnas turlag steikte fangsten!

Avsendar: Monika Blikås

Over 50 medlemmar av Barnas turlag i Bergen troppa opp på Tyssøy med rive og håv, bøtter og spann. For å gjere dagen ekstra lærerik hadde dei med seg ekspertise frå NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking. Dyr og småkryp frå fjæra klarte ikkje å unnsleppe ivrige barnehender, men vart bokstaveleg talt håva inn, ein etter ein.

Strandsnegl og albuesnegl har dei fleste sett før i fjæra, men å smake på det..? Etter klarsignal frå Mattilsynet kunne dagens fangst trygt tilberedast i gryta – ei spennande og ny smaksoppleving for både store og små, som knapt ensa det ivrige regnværet.

Les meir om turen og sjå fleire bilete på Barnas Turlag

Dette innlegget ble publisert i Familietur. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *