All grusen vi grov ut i helligskogen i karasjok, blir sakte men sikkert vaska fri for leire. No tek vi den siste finvasken i vaskepanna, og kastar ut litt og litt av den øverste grusen. Sidan gullet er tyngst, hamnar det under alt anna i panna. Gull er faktisk eit av dei tyngste grunnstoffa våre, ein liter gull veg nesten 20 kilo. Men – kva er det som blenkjer så fint i botnen av panna? Små, ujevne, gule metallkorn? Gull! Det er ordentleg, ekte gull! Yihaa! Gullet i finnmark skal vere det reinaste i verda, fortel nils peder eriksen som lærer meg kunsten å vaske gull. Rike blir vi ikkje, vi må ha ca tusen små gullkorn for å få eitt gram til 90 kroner. Men det betyr ingenting, for vi fann vårt eige gull!
Sjå Ut i naturen på NRK1 tysdag 30. oktober kl. 19.30
Avsendar: Monika Blikås