Krise! Eg er utan sykkel!

Eg har venta og venta, men nå måtte eg bare få det gjort. Eg leverte sykkelen min til service i går.

Eg greier fint ein del sjøl (eg skifta nyleg begge dekka), men enkelte ting er det greit å få vurdert/justert/reparert av fagfolk, synest eg. Så nå er hybriden min på vårsjekk. Eg har f.eks. hatt litt trøbbel i det siste med bremser som ikkje slepp tak i felgen alltid. Sånt kan vera eit slit når du er ute og syklar, merka eg på søndag. Eg har prøvd å justera sjøl, men har ikkje fått det heilt til.

Eg har bare ein sykkel, så eg håper det er fort gjort. Det er jo herleg sykkelvær ute nå.

I går var eg ute og intervjua sykkelteknikar Kurt Sigve Haarr på Sola. I mandagens nordsjørittsending i Morgenlokalen (18. mai) får du gode råd og tips til vårsjekken. I tillegg skal eg prøva å laga ein enkel instruksjonsvideo til dei som punkterer. Det er faktisk ganske enkelt å skifta slange – og det tar ikkje lang tid.

Dette innlegget ble publisert i John Gunnar. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *