Viktige program

NRK Sogn og Fjordane har i ei heil veke sett fokus på rusproblem – og familiane til dei med rusproblem. Serien har sett dagsorden i fylket, dette har vore samtaleemne i mange heimar og på arbeidsplassar. Mange har folk i nær familie, eller kjenner folk som er rusavhengige, og kan difor lett setja seg inn i mange av dei skjebnane vi har fått presentert.

Å leva med rus heiter serien. Den startar ikkje med å intervjua maktpersonar men med dei som er direkte råka av problema: Vi har besøkt dei som har ektemake eller born som er avhengige av rusmiddel og som har fått store deler av livet sitt øydelagt på grunn av dette. I kjølvatnet av alle desse sterke historiene har vi fått ekspertane som har kommentert manglande behandlingstilbod.

Etter 20 år i media i fylket, som journalist og redaktør, er eg rimeleg lei av krampetabloide nyheitssaker som er lite truverdige. Eg vil ha verda presentert slik ho er, med vanlege folk som deltakarar i samfunnsdebatten. Serien å leva med rus er eit godt døme på at det er mogeleg å få interessant journalistikk med eit slikt utgangspunkt.

Det slår meg også at desse intervjuobjekta er flinke forteljarar. Utan sentimentalitet deler dei livet sitt med oss andre og gir politikarane kjøt på beinet når dei skal utforma ein rusmiddelpolitikk for fylket. Alle dei som har stilt opp fortener stor takk!

Også journalist Eli Eikenæs Vengen fortener ros for å gå laus på eit stoffområde få journalistar tek tak i. Slikt vil vi gjerne gjera meir av i NRK Sogn og Fjordane – og tek gjerne i mot idear til saker vi kan ta opp.

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Dette forstår eg ikkje eit plukk av!

”Den 24. mars skal fylkesutvalet ta stilling til om Sogn og Fjordane skal søkja status som pilotfylke for å kunna styrkja samarbeid og kompetanse om universell utforming i kommunane, i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen, få fleire møtestader for erfaring – og inspirasjonsutveksling og setja fokus på å auka kvalitet på utviklingsprosjekt i høve folkehelse og transport. Barne- og likestillingsdepartementet arbeider no med ein handlingsplan for universell utforming, og som eit av tiltaka i den skal det etablerast ei ordning med fire til seks pilotfylke i løpet av 2009.” Sogn Avis 18. mars, s. 13

Nokon som skjønar kva som står i denne teksten? Mesteparten er direkte avskrift av sakspapira til fylkesutvalet.

Fristande å sitera bokhandlaren i Sogndal som var liten av vekst og ikkje rakk opp til dei øvste bøkene i butikkhyllene: «Denne litteraturen ligg for høgt for meg»

I alle fall: Viss eg blir spurt om å sitja i styringsgruppa for pilotprosjektet som skal styrkja samarbeid og kompetanse om universell utforming i kommunane, i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen, så blir det tvert nei! Det må vera eit minstemål at byråkratiet kan fortelja kva dette handlar om på ein anstendig måte før det blir sendt ut til ålmenta!

Publisert i media, Samfunn, Språk | Merket med , , , | 5 kommentarer

Fotballkrig på nettet!

Til helga rullar toppfotballen att i Norge. Dei store mediehusa har brukt fleire hundre millionar kroner på senderettane – og mykje av konkurransen om brukarane skjer no på nettet. VG Nett har blant anna planar om spektakulære fleirkameraproduksjonar frå eliteserien i fotball. Meininga er at fotballinteresserte skal betala for å sjå desse kampane.

Problemet til VG Nett er at nettet slett ikkje er dimensjonert for massedistribusjon av direktesendt video med høg kvalitet (god oppløysing). Det er heller ikkje mogeleg å reservera kapasitet i dette nettet slik td. NRK gjer for TV-sendingane sine i det digitale bakkenettet og via satellitt. Når breibandet blir for smalt, og det blir for mykje fotball på ein gong, kan ein risikera at det heile stoppar opp i same sekund som Daniel Nannskog er i ferd med å bryta igjennom Vålerenga-forsvaret.

Difor kom det negative reaksjonar då det denne veka vart gjort kjent at NRK kjem til å senda alle kampane i 1. divisjon fotball gratis på Nett-TV. Direktør Jo Christian Otterhals i VG Nett seier til Dagens Næringsliv at han er bekymra fordi datalinjene søndag kveld vil vera fulle av fotball og annan datatrafikk. Når eit gratisprodukt opererer samtidig med ei betalingsløysing vil dette øydelegga for dei som skal tena pengar, seier han til avisa.

Med seg i krigen mot NRK har han fått TV2 – som tydelegvis ikkje er langsinte etter at VG Nett la ut oppskrifta på korleis folk gratis kunne ta inn landskampen mellom Tyskland og Norge. No går dei to kameratane i lag til fotballforbundet og ber om at NRK sine planar om å senda 1. divisjon gratis blir stoppa.

Eg skal ikkje gjera meg til oppmann i denne saka, sidan eg heilt klart er ein del av striden. (Vi skal senda Sogndal sine kampar på Web-TV) Men vil det vera rett av NRK å ta tilleggsbetaling for denne sjåinga – så lenge NRK har betalt for desse senderettane med lisenspengar? Det vil vera rimeleg frekt å krevja betaling for dette ein gong til! Og er det NRK sitt problem at VG Nett og TV2 tømmer den gode vinen ned i ei trakt som er alt for lita?

Eg berre spør!

Publisert i Ukategorisert | 6 kommentarer

Pengar og journalistikk

I 1977 sette fjernsynsjournalisten David Frost eit endeleg punktum for det politiske livet til Richard Nixon. Etter 28 timar og 45 minuttar med opptak måtte Nixon konstatera at det var game over. Han hadde møtt sin banemann i ein journalist som hadde sett seg godt inn i saka at det til slutt vart håplaust å sleppa unna den brutale sanninga. (Filmen om Frost/Nixon har premiere her i landet i desse dagar)

Intervjua med Nixon vart betalt av David Frost sjølv, med 600.000 dollar. Ingen TV-selskap ville bla opp sidan dette var ussel sjekkheftejournalistikk. Då intervjua var ferdig redigerte sto TV-selskapa i kø for å kjøpa. Eit banebrytande intervju, heilt på toppen av den journalistiske adelskalenderen, kom i stand fordi ein journalist med ambisjonar klarte å skaffa fram ein stor sum pengar.

For det meste handlar om pengar – også journalistikk: Follow the money sa verdas mest berømte anonyme kjelde (Deep Throat) til journalisten i Washington Post, då Watergate-skandalen vart rulla opp i 1972. Også då var det Richard Nixon som måtte svi.

Her heime blir det mindre og mindre pengar til journalistikk i dei tradisjonelle mediehusa. Annonsørane sviktar papiravisene og opplaget stuper. Mange trur at tabloidavisene vil dø i løpet av kort tid. Nisjeaviser som Morgenbladet og Dagens Næringsliv, og regionavisene vil leva ei stund til – medan lokalavisene blir den siste skansen av journalistikk på daude tre!

I Sogn og Fjordane er lokalaviser framleis eit populært produkt, men redaktørar og eigarar må gjera mykje rett viss denne trenden skal vara. Av opplagsstatistikken frå Mediebedriftenes Landsforening ser vi at det er dei minste avisene som gjer det best: Aviser som kjem ut tre gonger i veka, og som dekker 3-4 kommunar, har stabilt opplag eller auke, medan dei større avisene kjempar ein tøff kamp for å selja nok aviser.

Eit godt tips for dei neste fem åra er at papiravisene må vera svært kritiske til kva dei brukar pengar på. Ei løysing kan vera færre utgåver i veka. Mesteparten av pengane som blir spart bør investerast i journalistikk. Meir, grundigare og betre journalistikk, fordelt på tjukkare aviser, kanskje 3-4 gonger i veka kan vera rette resepten. Publikum krev nemleg god journalistikk og smånytt frå lokalsamfunnet. Heilsider av banksjefar med store sjekkar (med små summar) som sponsar lag og organisasjonar kan med fordel sløyfast.

Kvifor ikkje gå løpet heilt ut, leggja ned papiravisene, for så berre å laga nettaviser?

Forretningsmodellen er enno ikkje på plass. Ingen vil betala for innhald dei kan skaffa gratis andre stader. Konkurransen om annonsekronene på nettet er beinhard, sosiale nettsamfunn og Google har funne måtar å tena pengar på som er i direkte konkurranse med den lokale annonsemarknaden. Hovudspørsmålet blir sjølvsagt om det nokon gong blir mogeleg å finansiera like mykje god journalistikk som dei tradisjonell papiravisene!

Inntil vidare kan vi i alle fall sjå tilbake på glansdagane på 70-talet, då ungdomen strøymde til journalistutdanningane etter Watergate og Frost/Nixon. I opningstalen på eit av universiteta måtte ein professor kunngjera at det ikkje var ein president til kvar av student! Tredve år seinare er journalistikken under press – også i Sogn og Fjordane. Eit velfungerande demokrati treng lokale mediehus som lagar god journalistikk. Vi treng fleire journalistar, ikkje færre! Eg kryssar fingrane for at pengeproblemet let seg løysa!

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Ny lyd i lokalradioen

Radio er NRK Sogn og Fjordane sitt største medium og morgonsendingane våre frå klokka seks til ni om kvardagane samlar desidert flest lyttarar. Sidan i haust har vi arbeidd med å gi sendingane våre ”ny lyd”. Eirik Molnes Husabø frå Florø er hyra inn til å gi sendingane eit meir moderne lydbilete – samtidig som vi held på det gamle.

Godt humør skal vera ein gjennomgangstone i sendingane. Ikkje alt skal vera festleg, men lyttarane skal sjå føre seg ein programleiar som smiler.

Vi har også gått gatelangs i fylket og spurt folk om synspunkt på det vi sender i lokalradioen, her har det komme inn litt av kvart – og kanskje får du høyra nokon du kjenner når vi dreg i gang den nye lyden måndag 16. februar.

Det er fjerde gongen NRK Sogn og Fjordane endrar lydkulissane sidan distriktskontoret vart oppretta i 1979. Radiovanar bør endrast sakte – og det skal ikkje gjerast for store endringar. Små steg heiter det på radiospråket.

Fram til no har vi berre testa dei nye kjenningane på NRK-tilsette og er sjølvsagt spente på reaksjonar frå lyttarane. Vi trur det er små steg mot noko betre!

Publisert i Ukategorisert | 7 kommentarer

Gartnarlauget på web 2.0

Var på Fosshaugane Campus i Sogndal på seminar om web 2.0 i går. Kva web 2.0 er?

Då går vi til eit av dei største web 2.0 fenomena – og kanskje også mest framgangsrike, Wikipedia, der det står følgjande:

”Med web 2.0 ønsker man å betegne den nye generasjonen sosiale nettjenester som har blomstret opp de siste årene, og som avhenger av aktiv deltagelse fra brukerne for å kunne ekspandere…”

Eg har tidlegare kritisert Sogn og Fjordane for å vera ei digital bakevje, men vart i godt humør av å møta forskarar, studentar, og elevar i Sogn i går. Mange har offensive tankar –og det finst bra planar for å møta den nye digitale kvardagen på nettet. Eg fekk vita at Fylkesarkivet er på gang med spennande web 2.0 løysingar, mellom anna med Creative Commons-lisensar for artiklar og foto. Slike lisensar har mange nivå, men i prinsipp går det ut på at innhaldet kan distribuerast fritt mot kreditering.

Redaktøren for NRKbeta, Øyvind Solstad, var også på seminaret. Mange strekte nok litt ekstra på halsen då han la fram dei siste tala for Facebook i Norge: 95 prosent av nordmenn mellom 18 og 30 år har no konto på Facebook, då er tala justert for folk som lyg på alderen, og personar som har to kontoar.

Det beste av alt er sjølsagt at den nye generasjonen nettbrukarar er vande med å stå fram offentleg med fullt namn og bilete, slik dei gjer på Facebook. I framtida vil dei fleste nettdebattar vera ryddige og gode, anonyme innlegg vil få akkurat den merksemda dei fortener – null niks!

Fram til det skjer må vi tola at det er litt uryddig i hagen. Eg er med i gartnarlauget på web 2.0 som skal luka vekk det verste ugraset og tek gjerne i mot assistanse. Trykk på varsleknappen viss du ser innlegg som er på kanten av norsk lovverk. (Den nye blasfemiparagrafen vart det ikkje noko av, så det er framleis rom for ytringar)

Og til alle som har levd i tru om at nettet er arenaen for lettvint underhaldningsjournalistikk.

Tru om att!

Ragnhild Olsen ved Institutt for journalistikk skriv om dette i bloggen sin.

PS! Får ei røys med nye ”followers” på Twitter kvar gong eg er ute og snakkar om nettet og NRK. Det er bra! Hekt deg på du og!

www.twitter.com/kaiaage og www.twitter.com/NRKSfj

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Tving på dei nynorsken!

Alle artiklar publisert på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider skal vera på nynorsk. Då vi laga språkreglar for distriktskontoret i fjor var dette oppe til diskusjon – eit mindretal av journalistane meiner mellom anna at journalistane fritt må få velja målform når dei skriv.

I NRK Sogn og Fjordane diskriminerer vi bokmålet, men meiner vi har rett til å gjera dette fordi nynorsken er eit minoritetsspråk under press. På mange måtar følgjer vi ein tradisjon som er godt fasttømra av laussalspressa i Oslo der det er utenkjeleg å sleppa nynorsken til i spaltene

Kva skal så til for at vi i NRK Sogn og Fjordane skal endra denne språkpolitikken?

Dersom styremaktene tek opp hansken frå Tor Fuglevik kan det henda vi må ta dette opp til vurdering. Fuglevik er direktør for det internasjonale medieselskapet MTG, har ei fortid som assisterande kringkastingssjef og er no medlem av Språkrådet. I ein kronikk i Dagens Næringsliv går bokmålsbrukaren til rette med ei langvarig og systematisk nynorskdiskriminering i dei største mediehusa i landet. Han peikar på at avisene i tillegg til ordinær pressestøtte har indirekte støtte gjennom fritak for moms. VG og Aftenposten (Schibsted) kan kassera inn til saman 140 millionar kroner kvart bidige år fordi styremaktene ynskjer å stimulera til sal av aviser. (Se og Hør som kjem ut to gonger i veka får ikkje slikt fritak)

Men det er ikkje noko krav om at begge målformene skal vera representert i desse avisene, trass i at denne spesialordninga gir dei store inntekter. Ein av aviseigarane peikar rett nok på at det er kjøparen av avisa som slepp å betala moms, men utan moms kan utgjevar skru opp prisen – og vidare auka innteninga.

Om nokre veker skal Stortinget handsama språkmeldinga ”Mål og meining”. Tor Fuglevik meiner politikarane på same tid bør diskutera ei lovendring som tvingar momsfritekne aviser til å bruka begge målformer. Forslaget er godt og det kjem til rett tid. Avisredaktørane kjem sjølvsagt til gneldra unisont og høgt når dette kjem på høyring, men det skal politikarane ta heilt med ro. Trugsmål om bortfall av 25 prosent av inntektene vil raskt føra til ro i rekkene. Difor er det all grunn til å tvinga på dei nynorsken!

Etter ei stund vil dei heilt sikkert vedgå at dei også har fått eit betre produkt.

PS! Mediehusa har mange måtar å skaffa inntekter på. Blant anna må vi betala abonnementet på avisene vi bestiller i januar. Ei avis med 15.000 abonnentar a 2.000 kroner får altså 30 millionar kr. på konto i januar. (dersom alle er heilårsabonnentar) Med 5 prosent rente blir dette 1.5 millionar kroner i forteneste før dei har produsert noko som helst. Pen ekstragevinst det og!

Publisert i media, Samfunn, Språk | Merket med , , , | 18 kommentarer

Stakkars Steven Gerrard!

Fredag møter fotballstjerna Steven Gerrard i retten fordi han har klabba til ein halvtyl i ein bar i England. Her heime melder alle dei store avisene, nettaviser og fjernsynsstasjonar at Liverpool-spelaren kan få 5 år fengsel.

Er dette sant? Kan ein mann få 5 år fengsel for å dra til ein kar? Sjølvsagt ikkje!

Journalistane brukar straffelova som seier at vald kan straffast med alt frå ei lita bot og opp til 5 års fengsel. Mest truleg må du bruka tortur i vekevis for å bli dømd til den strengaste straffa. Eit godt tips i tilfellet Gerrard er bøter eller nokre veker fengsel på vilkår.

For folk flest er det rart at slåssing blir jamstilt med ei grov valdtekt når det kjem til straffeutmåling. Å henta fram ytterpunkta i strafferamma i ei slik sak blir meiningslaust. Fotballspelaren slepp mest truleg unna med ei lita bot. Stakkars Steven Gerrard seier eg, ikkje på grunna av straffa han får, men på grunn av alt styret.

Her i Sogn og Fjordane er det fleire redaksjonar som har same sykja – også vi i NRK. Eit lovbrot skal helst gjerast så alvorleg som mogeleg. Når vi verkeleg skal la gravalvoret senka seg over fylket hentar vi gjerne fram formuleringa:

Politiet ser alvorleg på saka!

Her ser vi føre oss journalisten spørja politimannen: Er dette ei sak de ser alvorleg på? Og politimannen svarar ja!

Kva så om saka ikkje er så alvorleg, kva skal politiet seia då?

”Politiet tykkjer dette er ei artig sak, faktisk har saka teke heile politikammeret i Florø med storm, polititenestefolka skrattar av saka.”

Siste nytt på krimfronten er at politiet har oppretta sak! Når ein person ikkje er mistenkt, sikta, eller tiltalt, kan det vera greitt å finna på noko nytt. Difor uttrykket det er oppretta sak. Men kva betyr eigentleg dette? At dei har skrive ned namnet på ein person? Ikkje veit eg, men eit eller anna skal ein jo sei!

Forresten meiner eg at alle bør ha minst eitt barslagsmål på cv-en før dei søkjer seg fast arbeid. Så kan vi i media melda at politiet ser alvorleg på saka og at det er oppretta sak. Vedkommande risikerer sjølvsagt kollosalt lang fengselsstraff!

Heia Liverpool!

Publisert i media, Samfunn, Sport, Språk | Merket med , , , , | 5 kommentarer

Legg ned sosialen!

Eg tykkjer synd i dei som jobbar på Fundo. Desemberløna er enno ikkje på konto og i går kom meldinga om at det ikkje blir nokon lønsslipp denne veka heller. Mange av dei trufaste slitarane ved høgteknologibedrifta i Høyanger må gå den tunge vegen til ”sosialen” for få pengar til straum og mat!

Ein av leiarane i NAV sa i Fylkesnytt i dag tidleg at det er forbunde med skam å gå den tunge vegen til sosialen. Slik bør det ikkje vera. Arbeidarane ved Fundo er heilt utan ansvar for den ulukkeleg situasjonen dei har hamna i, og treng ikkje stigmatisering frå storsamfunnet som ny stein i ei alt for tung bør.

Akutt likviditetskrise kallar dei det når ei bedrift får problem med å betala rekningane på grunn av vanskelege tider. Når den same bedrifta har problem med å betala løn til dei tilsette får vi høyra at dei må gå på sosialen!

Og det er akkurat dette eg har tenkt å ta opp med styresmaktene i denne spalta mi: Omgrepet ”å gå på sosialen” må leggjast vekk ein gong for alle. Dei 200 fundotilsette er heltar som treng klapp på skuldra og oppmuntring – ikkje eit fattigkassestempel i panna i frå eit statleg byråkrati. Dei bør inviterast inn i varmen med forsikring om at det er eit offentleg apparat i beredskap, klar til å hjelpa, med omtanke og opa lommebok.

Ingen veit kven som blir den neste som treng rask pengehjelp frå felleskassa vår. Vi har pengane, vi må berre gi dei frå oss på ein skikkeleg måte. Difor må utrykket gå på sosialen leggjast vekk. Politikarane frå fylket bør ta ballen snarast mogeleg. Vi andre kan senda varme tankar til alle dei som slit med å få endane til møtast – i Høyanger og i landet elles!

NB! Skal ikkje senda brev til Sylfest Lomheim om dette, men er det gode alternativ til uttrykket gå på sosialen?

Publisert i Samfunn, Språk | Merket med , , , , | 1 kommentar

Ope brev til Sylfest Lomheim

Til Språkrådet
v/direktør Sylfest Lomheim
Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo

Alt for mykje sinnsykt

Trur du det kan vera mogeleg å få austlendingane til å slutta med å seia sinnsykt i annakvar setning?

Du veit heilt sikkert kva eg meiner. For eksempel då Aksel Lund Svindal vann eit renn etter å ha vore skada i eitt år: Sinnsykt bra følelse, sinnnsyk fart ned henget og sinnsykt deilig å passere målstreken!

Eg hadde trudd dette var ei sykje som skulle gå over, men det blir berre verre og verre. Og sidan ordet er like malplassert som engelskmennene sin bruk av ordet fuck (øksling) i alle slags utrengsmål, må noko gjerast!

Kanskje kan Språkrådet leggja dette i handlingsplanen sin for 2009? Eller kan du Sylfest setja ned eit hardtarbeidande utval som kan finna nokre sinnsykt gode alternativ?

Sei i frå så skal eg hjelpa deg med nokre gode namn!

Beste helsing

Kai Aage Pedersen

PS! Etter at du er ferdig med sinnsyk, kan du ta ordet lissom. Ikkje fullt så nøye med det. Verre når ei heil pasientgruppe blir henta fram kvar gong ein autslending øser seg litt opp.

Publisert i media, Sport, Språk, Ukategorisert | Merket med , , , | 19 kommentarer