Sogn og Fjordane i digital bakevje?

I dag høyrte eg miljøvernsminister Erik Solheim i ein radioreportasje om det sosiale nettsamfunnet Twitter. Han fekk spørsmålet veit du kva Twitter er?

”Hakke peiling” var svaret.

Twitter er eit lynraskt sosialt nettverk som også fungerer godt til å senda ut nyheiter. Twitter var først med nyheiter frå Mombai, dei var først med å fortelja at forfattaren Anne-Cath Vestly var død, og nettverket var eit viktig våpen for Barrack Obama då han vann valet i USA for nokre veker sidan.

Men det er altså få norske politikarar der ute i fuglekvitteret, og ein kjapp gjennomgang i dag viser at det truleg står endå verre til i Sogn og Fjordane enn elles i landet. Nokre få journalistar følgjer med, elles nesten null.

Ikkje så nøye?

Vel. Dei som styrer fylket vårt har ingen hemningar når dei brukar ordet framtidsfylket når dei skal reklamera for Sogn og Fjordane. Norge.no og eit direktorat som har ansvar for staten sin IKT-politikk held hus på Hermansverk. Eit fylke som tek mål av seg til å få ungdommen heim bør rett og slett vera først med det siste!

Og det er lite som tyder på at dette er ein hype som går over. Facebook har 1.3 millionar medlemmer i Norge. Gjennomsnitts brukstid når folk loggar seg på er 20 minuttar. Når servarane til Facebook er nede er det jubel hjå VG-nett, trafikken går dramatisk opp.

Vi får difor håpa at sentrale utviklingsmiljø i fylket har planar i skuffa for korleis dei skal forholda seg til dei nye møteplassane. Viss dei ikkje har det bør det vera eit sentralt mål i det nye året. Noreg.no og minside.no må til dømes vera svært synlege og også kommunisera via slike arenaer.

I NRK har vi styrt med slikt ei god stund. For eit par år sidan heldt eg føredrag om dette i Florø – for ei statleg leiargruppe med fylkesmann Oddvar Flæte i spissen. Eg fortalt at NRK har kjøpt si eiga øy i den virtuelle verda Second Life. Det var ikkje mange som hadde sansen. Spesielt ikkje administrerande direktør i Hels Førde, Jon Bolstad. Trur dette var midt i ein serie av det han hevda var irrelevante oppslag frå sjukehusstellet i fylket.

”Det hadde vore flott om NRK hadde flytta ut på denne øya og vorte verande. Hi, hi, hi!” Var den turrvittige kommentaren frå direktøren”

Og de behøver sjølvsagt ikkje reisa heilt til NRK si øy i Second Life!

De kan starta med å sjå kva eg driv med her: www.twitter.com/kaiaage

Publisert i media, Samfunn | Merket med , , | 8 kommentarer

Og vinnaren er…

Kanskje litt intern, men likevel ikkje: NRK Sogn og Fjordane har i 2008 jobba for å betra språket vårt – spesielt på nettet. Radiojournalistar som er flinke til å snakka, er ikkje alltid like gode skribentar. Difor har vi i år delt ut språkpris som vart delt ut laurdag kveld.

Vinnaren kvitterte med ein lang og knakande god takketale som vi dessverre ikkje har skriftleg, men grunngjeving til juryen og kven som vann finn du her. Eventuelle gratulantar kan skriva kommentarar. Ueinig i tildelinga? Skriv då og!

Arve Uglum er vinnaren av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008. Med godt språk, humor og forteljarglede, leverer sogningen flotte språkblomar til fylket kvar einaste veke.

For NRK er Arve ein god mal for språkbruk både i lokal – og riksflatene. På sin stilsikre måte framfører han bodskapen på klingande sognamaol – også når han rapporterer frå VM i alpint på NRK1.

Frå det siste året hugsar vi godt dei mange kommentarane om Sogndal Fotball, men også den leikande TV-reportasjen frå fotballkampen på Veitastrond. Litt lenger tilbake hugsar me Grautmål, dialektordserien på radio som ufarleggjorde ordet grautmål, og som vart ei merkevare for NRK Sogn og Fjordane.

Arve Uglum jobbar medvite med å finna kreative og nyskapande formuleringar i tekstane sine. Dette arbeidet løftar han forbi den grå massen av lettvint journalistikk og gjer han til ein akta samfunnsperson i sin region.

Godt språk er det viktigaste instrumentet til ein journalist. Arve Uglum brukar verktøyet sitt godt både skriftleg og munnleg. Han er difor ein verdig vinnar av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008.
(I juryen: Olga Wergeland, språkkontakt Noralv Pedersen og underteikna)

Publisert i media, Samfunn, Språk | Merket med , , , , | 8 kommentarer

Sterk kost frå Arnestad!

Er det mogeleg å stå fram som seriøs forskingsleiar på Høgskulen i Sogn og Fjordane sine vegner, når ein gjer sitt beste for å undergrava sin eigen integritet som spaltist i lokalavisa? Spørsmålet er naturleg å stilla etter å lese Georg Arnestad sitt Innhogg i Sogn Avis laurdag.

Denne gongen nyttar forskaren spalta si til å fullrosa boka ”Frå skuletun til campus” – soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Arnestad skriv mellom anna: ”På ein glimrande måte skildrar soga også forholdet mellom lokalsamfunn, region og høgskule…” . Bokprosjektet blir omtalt som ”…den ferske og framifrå boka”.

Georg Arnestad har vore sekretær for styringsgruppa som har arbeidd med soga om høgskulen i fylket, boka han altså rosar opp i skyene i spalta si. I føreordet er han ein av to personar som blir takka særskilt for innsatsen. Forfattar Gunnar Yttri skriv mellom anna at Arnestad har komme med kritiske og reflekterte kommentarar under arbeidet med boka.

Vi står altså i ein situasjon der ein av dei mest sentrale personane bak eit bokprosjekt brukar store superlativ om den same boka i si eiga avisspalte. Dette er uvanleg og sterk kost. Dei langt fleste ville halde seg lagt unna å skriva noko som helst om eit bokprosjekt ein har delteke aktivt i.

For forfattar Gunnar Yttri må det vera tungt å oppleva at sentrale personar i prosjektet dreg det ned i søla på denne måten. Arnestad har heilt rett i at dette er ei framifrå bok, men bør halda seg for god til å seia noko om det offentleg.

At spaltisten karakteriserer innslaget som NRK Sogn og Fjordane laga om boka som improvisert og tåpeleg toler vi godt. Men er det truverdig når det er forfattaren si høgrehand i bokprosjektet som skriv det? Neppe!

Publisert i Samfunn | Merket med , , | 6 kommentarer

Slekta til Martti Ahtisaari

Viss eg nokon gong får fredsprisen håpar eg at eg slepp den skjebnen Martti Ahtisaari har fått denne veka. Sidan han tok første steget ut av flyet på Gardermoen har han vorte rend ned av perifer slekt. Til og med Dagsrevyen henta fram ein tremenning frå Hvaler som Ahtisaari måtte klemma og kosa med medan NRK sin fotograf filma. Litt kjensler må lisensbetalarane få når vesle Oslo har alle verdas auge på seg desse desemberdagane i 2008!

I Romerikes Blad kan vi lesa at ”likheten mellom Georg Adolfsen og Martti Ahtisaari er slående.” I oppslaget sit Georg med eit kollosalt fotografi av fredsprisvinnaren i fanget – og alle ved sine fulle fem ser at dei to ikkje er det minste like.

I Aftenposten les vi at Ahtisaari er æresborgar av Namibia og at oldefaren er frå Tistedalen. Fredrikstad Blad har henta opp sin eigen tremenning av fredsprisvinnaren og Halden Arbeiderblad har sjølvsagt funne sin variant av Adolfsen-slekta frå dei djupe austlandsskogane.

Spesielt spennande journalistikk er det ikkje. Og det må vera stusseleg å vinna Nobels Fredspris og få ei mediedekning som på eit middels vestlandsk slektsstemne!

Tippar Martti Ahtisaari er glad for å komma seg heim i huset sitt i Finland, ta av seg smokingen, sparka av seg lakkskoa og blanda seg ein god dram!

”Vooi vito! Perkellee! Desse nordbaggarna er en spesiell gjeng!”

Og vi er ikkje heilt fri for denne provinstenkegangen her i fylket heller. Hugsar godt då Sogn Dagblad rydda heile førstesida for oppslaget: Bjørn Dæhlie har slekt i Brekke!

Eller kva med avisa Sogn og Fjordane sin journalist John Moberg som hadde vore på gratiscruise med Color Line til Newcastle? Den lokale vinkelen var tynn, men klinkande klar, over 10 spaltar:

”Og han som rører i grytene er frå Hermansverk!”

Publisert i media, Samfunn | Merket med , , | 4 kommentarer

”How are you, din tyl?!”

”No er pandemien komen til landet. Synd du er vekke og ikkje jobbar i det heile!”

Det låg ein småfrekk handskriven lapp på skrivebordet mitt då eg kom att frå jobbreise i helga. Frekkasen som hadde skrive den er busett på Cape Cod, der store deler av Kennedy-familien har residensane sine. (dei som er att)

Pandemien han skriv om er henta frå bloggen min som han hadde lese nokre veker tidlegare – frå USA. No hadde han vore innom NRK sitt distriktskontor på Prestebøen i Førde med ein lapp. Innhaldet var ikkje så interessant, rett og slett ei konstatering av at eg min tulling kunne finna på å reisa vekk når han kom på uventa besøk! (vanleg og direkte måte å snakka på i Indre Sogn)

Første gong eg var i kontakt med denne sogna-amerikanaren var i 1995. NRK var tidleg ute med epost og eg måtte prøva. Få hadde datamaskin, endå færre hadde internett og endå færre såg nytten av å senda epost. Difor var epost-boksen min skalande tom i vekesvis!

Men så, den 4. april 1995, sa det pling. Eg hadde logga meg på nettet med eit modem større enn ei skoøskje og opp på skjermen kom det ein epost frå JPNautilus. Eg mått ta fleire rundar rundt i redaksjonen og fortelja om storhendinga. Dette var truleg blant dei første utanlandske epostane til NRK Sogn og Fjordane nokon gong! Telefaksen hadde fått ein konkurrent!

Bak JPNautilus skjuler systrendingen Arne Grepstad seg. I dag vel 13 år etter den første eposten, avslører ei ny teknlogisk nyvinning, Google, kvifor han har valt eit så spesielt namn:

The NAUTILUS MOTOR INN is a WATERVIEW MOTEL located in WOODS HOLE on CAPE COD near the MARTHA’S VINEYARD FERRY. The Nautilus is within walking distance of the village which includes BEACHES, WOODS HOLE OCEANOGRAPHIC INSTITUTION, MARINE BIOLOGICAL LABORATORY and many other attractions. Owner: Arne Grepstad

Eg konstaterer endå ein gong at verda blir mindre. Vi kan reisa så langt vi vil, men blir googla i løpet av få sekundar. Kommunisera gjer vi så lett som berre det på sosiale nettsamfunn og på chattetenester.

Og så lurer du kanskje kva Grepstad skreiv om i den første eposten i 1995?

Den var kort og grei, utforma på sognavis den og:

”How are you, din tyl?!”

Publisert i media, Samfunn | Merket med , , , | 1 kommentar

Noregsrekord i julebord?

Det var i det herrens år 2002, eg var avisredaktør i Sogn, avisredaktør av den litt tabloide sorten. Julebordssesongen nærma seg og eg trengte ei god førsteside om nettopp det. Løysinga vart senterpartimannen Endre Gjerde frå Hermansverk. I ein pause under eit formannskapsmøte hadde han fortalt meg at han eit år hadde sett personleg rekord med 18 julebord.

To dagar seinare pryda Endre heile førstesida på Sogn Avis illustrert med bilete av han på eit julebord tidleg på 70-talet, smilande til fotografen, og med overskrift over fem spaltar:

Noregsmeister i julebord?

På den tida hadde sjølv dei minste sektorutvala i kommunane eigne julebord. Og Endre var med i svært mange utval – kanskje alt for mange. Han var med i kommunestyret, formannskapet, representantskapen i Gartnerhallen , soknerådet og fleire organisasjonar. Høg politisk aktivitet og elles stor omgangskrins kravde sin mann i november og desember.

Endre Gjerde måtte roa ned julebordsaktiviteten nokre å seinare då han fekk konstatert diabetes.Men det var moro så lenge det varte, fortalte den uoffisielle noregsmeisteren i julebord i denne laurdagsutgåva av Sogn Avis.

I løpet av helga fekk eg litt dårleg samvit: Kanskje hadde eg tatt litt for hardt i? Kanskje ville familien til julebordrekordinnehavaren reagera negativt på ei slik massiv eksponering? Kanskje ville han klaga saka til Pressens Faglege Utval (PFU) fordi han ikkje ana omfanget av det oppslaget han skulle vera med på?

Måndag morgon fekk eg telefon på kontoret mitt.

Hei! Det er Endre Gjerde her!

Hei!

Eg har ikkje hatt fred heile helga!

Å?

Nei, du skjønar, eg har gløymt eit julebord, veraringen sitt. Det skulle stått 19 julebord ikkje 18!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Difor blir debatten stoppa!

For ein redaktør er det slett ikkje kjekt å stoppa debattar slik NRK Sogn og Fjordane gjorde i helga. Det ligg i heile gjerninga vår at vi skal gå i bresjen for det frie ordet. Vi skal syta for at det er høgt under taket, og grasrota skal slepa lettare til i debattar enn maktpersonar.

Slik skal det vera også når folk i fylket skal diskutera underskotet etter Tall Ships Races. Her er det bruken av fellesskapet sine verdiar som blir debatterte og folkedjupet har krav på å få uttala seg om bruken av deira pengar.

I NRK sine kommentarfelt er det fritt fram. Du kan velja namn, til og med andre sitt namn, og sjølvsagt innhaldet sjølv. I løpet av sekundar kan folk leggja frå seg svært dryge utsegn om namngitte personar som har tusenvis av lesarar i løpet av nokre timar. Lesarane kan varsla oss om innhald som går over streken, men vi må likevel følgja nøye med desse nettdebattane. Dette er ei moderat form for moderering som gjer det enkelt for brukarane, men stiller strenge krav til at vi følgjer med på debattane.

99,9 prosent av alle debattinnlegg publiserte på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider er gode – og held seg klart innanfor det som er akseptabelt. Men i helga tok dette heilt laust . Mange av debattinnlegga om økonomien i Tall Ships Races hadde stygge personkarakteristikkar som slett ikkje høyrer heime i ein samfunnsdebatt. Vi var aldri i tvil om stengja denne debatten!

Kvar går så grensa? Vanleg folkeskikk er som regel ein god peikepinn og står du fram med fullt namn kan du tillata deg litt meir enn om du er anonym!

Publisert i media | Merket med , , , | 10 kommentarer

Endeleg fekk eg svaret!

Over heile førstesida, i den største avisa landet kan oppdriva, fekk vi svaret vi har venta på i 24 år: Kvifor i all verdas rike gjekk Anita Skorgan i frå Jahn Teigen? Korleis kunne ho finna på det? Ein slik sjarmerande kar, som attpåtil er rasande flink til å syngja?

Bak ei slik førsteside ligg det mykje hardt arbeid. Sidan dette er henta frå ei bok lyt ein lesa boka. Og før ein gjer det lyt ein syta for å få tak i boka:

”Hei, det er frå VG her! Vi kan gjerne tenkja oss å slå stort opp denne boka om Jahn Teigen, men då må vi ha det ekslusivt. Flott viss de kan leggja ein gul lapp ved kapittelet som handlar om skilsmissen så slepp vi lesa heile boka. Travelt å vera journalist, skjønnar de, spesielt i landets største avis! He, he, he!”

Med ei slik toppsak er helga berga. På resten av førstesida er det berre å fylla på med kollosalt viktige saker. Komiker Jonas Gardell voldtatt av mann. (sikkert 24 år sidan det og) Gørild Maurseth sitt naken bilde publisert på pornonettsted. Og til slutt: Sex-leken endte i drap!

Her har sjølvsagt lokalavisene i Sogn og Fjordane mykje å læra! Kritisk journalistikk og meldingar frå lokalsamfunnet må leggjast vekk til fordel for tjue år gamle skilsmål, og folk som skryt av at dei har vore oppe i senga til Kjell Inge Røkke!
Jaudå for kvar dag som går blir eg tryggare og tryggare på at lokalaviser med substans og innhald som du ikkje finn andre stader er eit villspor! 24 år gamle skilsmål er det folket folket vil ha!

Eller?

Publisert i Ukategorisert | Merket med , , | 4 kommentarer

Meir trekkspel i NRK P1?

Den siste veka har eg fått tre telefonar og ein lang epost om at det blir spelt for lite trekkspel i NRK P1. NRK Sogn og Fjordane må vel ha vit til å spela noko meir enn Janne Ahonens smil med Åge Aleksandersen, sa ein kar frå Nordfjord før han la på røyret.

Sverre Aase frå Vik formulerer seg slik: ”Eg trur eg må vere ein av dei mest trufaste radiolyttarane til NRK P1. Radioen står på heile dagen, for eg likar å høyra på lokalsendingane og det er mange fine program på P1. Men no må eg snart byta kanal, for den einsformige musikken dei spelar har begynt å gå meg nervane laust.

Aase prøvde å skru seg inn på NRK Hordaland men fann nesten same musikken der. 80 prosent av all musikken som blir spelt i NRK P1 blir nemleg plukka av ekspertar i Trondheim. Dei går vitskapleg til verks, brukar breidt samansette smakspanel med mentometerknappar, og om natta blir popsongane spela over på datalinjer – klar til å bli kringkasta i dei regionale radiosendingane på P1.

Det er altså slutt på tida der programleiarane kunne gå i platearkivet og henta fram russiske julesongar, og bra er det. Undersøkingar viser at det er den såkalla programleiarmusikken som skårar dårlegast blant publikum. Ein enkelt person er rett og slett ikkje i stand til å finna ut kva musikk som fengar dei store massane.

I NRK Sogn og Fjordane står vi difor att med å plukka lokalmusikken som skal vera 20 prosent av all musikk vi spelar. Her kan vi sjølvsagt leggja inn meir trekkspel, men eg er usikker. Har ikkje Sjetraddane og Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb fått nok sendetid? Eg berre spør! Er det for mykje eller for lite trekkspelmusikk i lokalradioen – NRK Sogn og Fjordane!

Publisert i media | Merket med , , , | 39 kommentarer

Førebur seg på katastrofe

Eg er på pandemiøving på Alexandra hotell i Loen. Som redaktør for eit av NRK sine distriktskontor sit eg i fylkesberedskapsrådet som skal koordinera beredskapen ved eventuelle katastrofar.

Pandemi-øving

Og det er altså ikkje russarane som er houdfienden, heller ikkje terror. Endra reisevanar og globalisering gjer at styremaktene no fryktar for smitte av pandemisk influensa.

Ikkje så farleg?

Det trudde ikkje eg heller, men når eg snakkar med helsepersonell som har greie på dette blir dei urolege i blikket. Risikoen er absloutt til stades for at Europa ein eller annan gong får eit slikt virus blant innbyggjarane. I verste- fall scenariet som blir rulla ut i denne øvinga er det 8.000 sjuke kvar dag og 120 døde per dag – berre i Sogn og Fjordane.

Og medan finanskrisa tek mesteparten av merksemda i media er SARS-viruset minst like aktivt som før. Fråveret frå avisspaltene betyr slett ikkje at fugleinfluensaen har teke pause.
Difor er det alvor når smittevernlegar, forsvarstoppar, rådmenn, ordførarar, fylkeslege, helsedirektoratet og andre etatsjefar møtest for å øva på ei slik katastrofe i Stryn. I lag med fjellskred er ein pandemi blant dei tunge katastrofane som kan råka fylket vårt i fredstid.

Og vi er sjølvsagt ikkje åleine. Styremaktene arrangerer slike øvingar landet rundt, landet førebur seg rett og slett på at det verste kan skje. Så er det berre å håpa at denne typen øvingar er med å skjerpa beredskapen blant dei som styrer, og at skadeverknadane blir minst mogeleg dersom vi blir råka.

Publisert i Samfunn | Merket med , , , | Skriv en kommentar