det vestnorske kvalitetsunderet

Apropos det eg sjølv skreiv om den voldsomme vestlandsdominansen i Brass-NM: No har eg snakka med Ulf Rosenberg, tidl. president NMF, no president i europeian brassband association, og tidlegare trombonist i stavanger brassband 15 år.

Han seier dette: «Det me snakkar om er rett og slett kvalitetsunderet på vestlandet. Vi har avskaffa nordsjøen og etablert Yorkshire som nabofylke, og der finn me jo verdens beste brassband.  Vestlandskorpsa er resultatet av ønsket om å løfta seg ut av middelmådigheita og inn i verdenseliten, og i dag ser dei engelske korpsa opp til oss, for vår nyskaping og friheit frå det konservative» Fint og inspirerande sagt, spør du meg. 

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Stavanger over

Stavanger backstage

– Men ikkje ut. Ai ai. Kva skal Stavanger med kulturbyår når dei har Brassbandet sitt?? Rett før salen forlangte ekstranummer virka det som – men då hadde vel dommarane plinga vilt med bjøllene i rein forvirring. Som om ikkje dei må ha det forvirra nok som det er, der bak forhenget. Korleis greier dei å skilja dei beste?   Lykke til.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Greier ikkje å halda meg

Snart kjem flyalarmen Stavanger-versjon, men no vil eg berre smetta inn med personleg oppdaging nummer elleve: flygelhorn er fint!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Stavanger no!

Stavanger på scenen

Ai ai, no følgjer Eikanger-Bjørsvik folka med. Fine tversoversløyfer. Dirigenten nede i kneståande allereie. Men vanskeleg å seia kor bra det er, er jo ikkje  halvgått løp ein gong enno. Nei, no gjer me som kommentatorane aldri gjer, men bør gjera i i kunstløp, held kjeft og nyt resten 

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Når kjem austlandet?

Er det i år austlandet skal gjera det? Oslo Brassband er det fjerde korpset ut frå aust no, og dette ljomar jo til langt forbi vasskillet!

Og no er det full jubel her og dirigenten i den stilige uniformen (les BUNAD!) takkar og bukkar.

Men eg ser i historikken at sidan 1979 har NM-tittelen gått vestlandet alle år untatt 2000 og 1998 (Sandefjord) 1989 (Ila) og 1979 (Metronom 66 (Oslo))

Dei resterande 26 åra har tittelen gått til vestlandet. Kvifor er det slik? Og bør det vera slik? Det var jo ikkje så artig då Rosenborg vann serien ti år på rad heller.

Trudde aldri eg skulle skriva dette, men eg gjer det: Kom igjen Austlandet!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Oslo brassband i aksjon

Har eg berømma kornettrekkene sånn generelt? Trur ikkje det? pina meg, det er mange løpenotar som har fått sin ultimate framføring her i kveld. Og det kom eg på no når oslo Brassband spelar. Tilfeldig? neppe!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Jaren ferdig

Det var ikkje meininga å berre snakka meg vekk med whip og div, med Jaren hornmusikkforening – kanskje Brass-Noregs  mest velklingande namn! men eg måtte springa i studio med Bård Ose før det heile var over, så eg må berre beklaga til Jaren at dei får slik fragmentert omtale. Men eg seier som min gamle sjef, når han ikkje visste kva godt han skulle seia om ei sending fordi han ikkje hadde høyrt ho: god stemning i studio!

Takk skal de ha Jaren. Og lykke til vidare!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

SEND OSS BILDER FRA BRASS-NM!

Stemning

Yrende liv i Grieghallen under elitedivisjonens pliktnummer-kveld.

HAR DU BILDER FRA BRASS-NM?
SEND TIL OSS: MMS «tips» til 1987 eller e-post:
hordaland@nrk.no

Skriv gjerne hvem som er på bildet.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Jaren – fjøler? – oppklaring

Kommentarfeltet har fått bugg, men slagverkar-Svein frå Eikanger-Bjørsvikhar vore her med følgjande oppklaring.

Fjølene heiter whip. Og alle korpsa/hornmusikkforeningane brukar dei (det er nok bildemiksen som har variert her ja)

Definisjonen er greitt to fjøler.

Takk til Svein

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Jaren Hornmusikkforening – fjøler?

Jaren oppvarming

Avdeling for kuriosa (slagverk, kva anna)

Såg eg nettopp to fjøler som vart slått mot kvarandre der? Nokon andre som såg? Kva heiter det instrumentet? Nokon som veit? (lengde: jettski, tjukkelse:pussekloss)

Er Jaren dei einaste med dette på reportoaret?

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar