Når kjem austlandet?

Er det i år austlandet skal gjera det? Oslo Brassband er det fjerde korpset ut frå aust no, og dette ljomar jo til langt forbi vasskillet!

Og no er det full jubel her og dirigenten i den stilige uniformen (les BUNAD!) takkar og bukkar.

Men eg ser i historikken at sidan 1979 har NM-tittelen gått vestlandet alle år untatt 2000 og 1998 (Sandefjord) 1989 (Ila) og 1979 (Metronom 66 (Oslo))

Dei resterande 26 åra har tittelen gått til vestlandet. Kvifor er det slik? Og bør det vera slik? Det var jo ikkje så artig då Rosenborg vann serien ti år på rad heller.

Trudde aldri eg skulle skriva dette, men eg gjer det: Kom igjen Austlandet!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *