det vestnorske kvalitetsunderet

Apropos det eg sjølv skreiv om den voldsomme vestlandsdominansen i Brass-NM: No har eg snakka med Ulf Rosenberg, tidl. president NMF, no president i europeian brassband association, og tidlegare trombonist i stavanger brassband 15 år.

Han seier dette: «Det me snakkar om er rett og slett kvalitetsunderet på vestlandet. Vi har avskaffa nordsjøen og etablert Yorkshire som nabofylke, og der finn me jo verdens beste brassband.  Vestlandskorpsa er resultatet av ønsket om å løfta seg ut av middelmådigheita og inn i verdenseliten, og i dag ser dei engelske korpsa opp til oss, for vår nyskaping og friheit frå det konservative» Fint og inspirerande sagt, spør du meg. 

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *