Brev frå hinsides helvete

Ingrid Betancourt er Colombias meste kjende kidnappa person. Ho vart teken av den marxistiske geriljaen FARC i 2002, i ein periode der ho var kandidat til presidentvalet. Ho førte i mange år ein modig kamp mot narkotika og korrupsjon, som medlem av nasjonalforsamlinga og seinare som senator. Etter å ha vore fanga i 5 år og 9 månader, kom det endeleg livsteikn. I eit langt brev til mor si og resten av familien , fortel ho ei sterk historie om kjærleik og fridom som er ein tankevekkar for alle oss i den sovande og forbrukarorienterte vestlege verda. Arneberg Forlag har utgjeve denne soga, og publiserer samstundes eit langt brev frå dottera Melanie, skrive på sterk og verdig måte, ja nettopp frå hinsides helvete, som boktittelen seier.

I 1999 vart eg sendt til Colombia som statssekretær i Justisdepartementet. Tema var flyktningar til Noreg, og Noregs retur av flyktningar til Colombia. Colombia er herja av ein borgarkrig som har pågått i over 40 år, og flyktningesituasjonen i landet oppstår ikkje fordi det er regjeringa som forføl, men fordi FARC og paramilitære grupper legg beslag på store område, fordriv det lokale folket, og tek livsgrunnlaget frå dei når dei misser gardsbruka og landsbyane sine. Det vert sagt at dei demokratisk valde styresmaktene berre har kontroll over ein tredjedel av dette ressursrike og storslåtte landet, og denne situasjonen skapar mange internt fordrivne flyktningar. I dag handlar denne tilstanden om kontroll og ressursar, meir enn politiske og idealistiske mål. FARC, som har ein venstre-sosialistisk/ marxistisk politisk plattform, produserer og sel narkotika, akkurat som dei ytterleggåande høgreorienterte paramillitære gruppene. Kidnapping av politikarar, politifolk, dommarar og andre samfunnspersonar, er blitt ein industri for desse destruktive kreftene. Som utanlandsk turist kan du heller ikkje ferdast trygt i deler av landet. Eg opplevde den gong på mi offisielle jobb-vitjing, eit tryggleiksopplegg eg korkje før eller sidan har hatt. Assistanse av 4 væpna politifolk kvar vi reiste, var opplegget.

”Brev til mor frå hinsides helvete” er ei bok eg tilrår alle samfunnsengasjerte og demokratisøkjande menneske å lese. Boka fortel oss om Ingrid Betancourt, ei usedvanleg sterk kvinne som har helde ut ein situasjon i eit helvete, fanga i fleire år langt inne i Colombias junglar. Elie Wiesel har skrive føreordet til boka. Eg avsluttar med nokre strofer frå han:

” I hennes og din menneskelighets namn ber jeg deg om å lytte til hennes stemme. For deg er det så lite. For henne er det et budskap, eller kanskje en rørende solidaritetsgave.”

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Brev frå hinsides helvete

  1. Odd Frantzen sier:

    Eg er mektig imponert over Ingrid Betancourt. Ho er eit stort politisk førebilete for meg. Ingrid har på det næraste ofra alt for det ho trur på. Eit betre Colombia. Eg har lese ei bok ho sjølv har skrive; «Until Death Do Us Part. My struggle to Reclamim Colombia» (ISBN 0-75381-720-9) Denne boka vil eg anbefale. Livet til Ingrid er no i ferd med å ebbe ut der inne i jungelen i Colombia. Eg skal være ærleg å sei at dette opprører meg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *